Knutepunktet ved Georg Sverdrups hus
Ved amfitrappene framfor Georg Sverdrups hus (Universitetsbiblioteket) er det godt ? sitja.
Ved hovudinngangen til Georg Sverdrups hus, ligg eit smykke av sommarblomar. Blomebedet byr p? variasjon i komposisjon og fargar, og kvart ?r er det noko nytt som blir presentert. Bedet er laga av den svarte, polerte larvikitten du ogs? finn i fasaden til bygninga. Plassen er sv?rt trafikkert, her kjem ein fr? alle kantar av universitetet. Amfitrappene framfor inngangspartiet er ein fin stad ? sl? seg ned og sj? etter kjentfolk.


I bakkant av amfiet st?r ei platanl?nn, som skapar behageleg skugge p? varme dagar og ly for vind n?r det bles. I eit av beda er det planta sibirkornett, som med sine raude greiner lyser opp gjennom vinteren. Rett ved plassen ligg bibliotekparken. P? fine dagar er det mange studentar som trekkjer ut fr? lesesalen for ? lese pensum p? dei innbydande plenane.
Deler av parken har langt gras og blomstrande urter som skapar rom og matfat for insekt, fugl og sm?dyr. I tillegg til ? vera vakkert, bidreg det lange graset til at jorda f?r betre struktur og aukar mangfaldet av organismar i jorda. Parken rommar ogs? ein del frittvaksande tre av ulike aldrar. I tillegg til bj?rkerekkjene som f?lgjer gangstiane, finn du mellom anna fleire gamle epletre og ei yngre l?nn, som er planta dei spektakul?re haustfargane hennar.
