Kjemiatriet
Kjemiatriet er ein fredfull plass med tilgang fr? Kjemikantina.
Kjemibygninga stod ferdig i 1968. Dette er ei enorm bygning, og for ? skaffe lys inn til dei midtre delane av bygningskroppen vart det anlagt fleire lysgardar med store vindusflatar. I tillegg fekk bygninga eit vakkert atrium p? s?rsida, med tilgang fr? den n? nedlagde Kjemikantina.


Her finn du ein brusteinsbelagt plass med eit fredeleg, rislande springvatn. Ved bassenget kan du setje deg p? ein av dei l?ge, grovt tilhogde granittbenkane. Ut mot T?rtebergplenane er det ein kraftig gitterport i kopar. Porten gjer lys og openheit til hagerommet. Inn mot dei store vinduaga til kantina er det laga eit bed med roser som f?rst spring ut som kraftige, gule og fylte blomar, f?r dei seinare bleiknar til gullkvitt.
Mellom rosene brer det seg eit teppe av bunndekkande sitrontimian. Desse dannar eit lilla teppe i blomstringsperioden. I Kjemiatriet finn du ogs? ein gamal barlind, tuja, sibirfuru og ein hemlokk. Desse vintergr?ne trea gir bakken eit preg av skogbotn.
