Hundre trillionar celler skal til for ? byggja eit menneske. I kvar einaste celle ligg all informasjonen lagra som gjer det mogeleg ? rekonstruera heile deg – lik eit fullt dataprogram. Informasjonsmengda og lagringskapasiteten i v?r eigen kropp er svimlande.
Tek vi hundre trillionar datamaskiner og koplar dei saman, f?r vi noko som i ein viss forstand liknar eit menneske, oss sj?lve. Det biologiske grunnlaget v?rt, har det vore sagt, er djupast sett digitalt. Informasjonen om oss er lagra i DNA-et, i form av ei bestemt rekkjef?lgje p? basane A, C, G eller T, mens informasjon i datamaskiner er lagra som ein serie eitt-tall og nullar.
Naturen tenkte p? det f?rst: Ekstremt mykje informasjon for ? styra alle livsprosessane, og stor nok lagringskapasitet – tjue millionar kilometer DNA, n?sta saman inne i oss. Men den menneskeskapte teknologien kjem no etter i hurtigtogfart: Reknekapasiteten i datamaskiner blir dobla kvart andre ?r, jamvel om datamengdene som maskinene skal rekna p?, veks end? fortare.
Forskarane har tilgang til stadig meir informasjon, til d?mes fr? utstyr som m?ler fenomen inne i kroppen, satellittar som fotograferer jorda, eller dataprogram som reknar ut korleis klima utviklar seg. Vi snakkar om ei dataeksplosjon.
Felles for alle artiklane som h?yrer med i temadelen denne gongen, er at ingen av prosjekta vi skriv om hadde vore r?d ? gjennomf?ra utan at forskarane hadde hatt tilgang til store mengder data.
? kunna nytta informasjonen, hjelper desse – og andre – forskarar til ? l?ra meir og til ? l?ra p? nye m?tar. Dei kan sj? samanhengar dei ikkje visste om, og koma fram til meir generelle og robuste resultat. Tilgangen til sv?rt mykje data har gjeve eit enormt kunnskapsl?ft p? fleire viktige fagfelt.
Masse data l?yser likevel ikkje alle problem. I samfunnsfaga, til d?mes, kjem ein ikkje utanom at det ? identifisera ?rsakssamanhengar er vanskeleg, ei utfordring store datamengder ikkje automatisk kan l?ysa. Uansett kor mange observasjonar ein har av den negative samanhengen mellom krig og utvikling, kan ein ikkje avgjera om det er fred som skapar utvikling eller utvikling som skapar fred.
Kan henda handlar store data til sjuande og sist mindre om avanserte system og det ? skaffa s? mykje datakraft som r?d, men meir om menneske, om korleis forskarane v?re kan makta ? omsetja ein del av dei ekstreme mengdene med informasjon til ny innsikt og erkjenning.