Ei underleg bok

Dette er ei agendadriven bok basert p? konspirasjonsteoriar og anekdotiske prov.

Av Hallvard Tjelmeland
Publisert 3. nov. 2023

Boka ?Ingen er uskyldig. Antisemittisme p? venstresiden? av religionsvitaren Torkel Brekke har vekt stor diskusjon med h?g temperatur. Det er lett ? forst?. Brekke har skrive ei debattbok med mange kontroversielle p?standar om antisemittisme p? venstresida. Boka er sveipande, her er lange linjer og dykk ned i konkrete hendingar. Det er ikkje gjort nokon freistnad p? ? diskutera alternative hypotesar.

Eg kan ikkje g? inn p? substansen i alle dei tema som blir tatt opp innanfor ramma av ei kort melding, men viser til mange kompetente og djupt kritiske innlegg i avisdebattane, alle med offensive tilsvar fr? Brekke sj?lv. Eg vil n?ya meg med ? g? inn p? dei to viktigaste underliggjande premissa for Brekke si analyse: Hans definisjon av antisemittisme og hans idear om ein j?disk nasjon.

Den fullstendig apologetiske tonen overfor staten Israel sin politikk er av same slag som m-l-r?rslas heilt ukritiske haldning til Kina p? 1970-talet (…).

F?rst til definisjonen av antisemittisme. Brekke har valt seg den som er utforma av The International Holocaust Remembrance Alliance (IHRA) i 2016. Den definisjonen er s? vid at kritikk av staten Israel for ? driva apartheidpolitikk overfor palestinarane og for ? sj? grunnlegginga av Israel som ein j?disk stat som ei form for settlarkolonialisme, blir uttrykk for antisemittisme, like eins ? ta til orde for boikott som svar p? folkerettsstridig okkupasjon.

Det er bakgrunnen for den alternative ?The Jerusalem Declaration? fr? 2021, underskriven av til saman 336 profilerte, j?diske intellektuelle og andre som arbeider med Holocaust, antisemittisme og j?disk kultur, 36 av dei fr? israelske universitet. Skilnaden mellom dei to oppropa er at det siste oppropet har ei liste over kva som ikkje i seg sj?lv skal reknast som antisemittisk. Denne lista inkluderer dei tema som er nemnde ovanfor.

Brekke, derimot, reknar alt dette som antisemittisk. Dersom han ikkje skulle gjera det, ville det sl? beina under det meste som st?r i denne boka, til d?mes dei heftige utfalla mot norsk fagr?rsle i det siste kapittelet. Dessverre grunngir han ikkje kvifor han avviser The Jerusalem Declaration. Det er d? heller ingen seri?s diskusjon av j?disk antisionisme.

Den andre grunnpremissen for Brekke si bok er essensialismen i framstillinga av ein j?disk nasjon. Kritikarane av sionismen ser den som eit moderne fenomen fr? slutten av 1800-talet. P? dette tidspunktet var j?dane ein liten minoritet i Palestina, og berre innvandring fr? andre land, s?rleg etter Hitlers maktovertaking og forsterka etter andre verdskrigen, gjorde j?dane til ei st?rre folkegruppe i Palestina – og til statsberande fr? 1948, d? staten Israel vart oppretta og meir enn 700 000 palestinarar fordrivne. Seinare kom dei folkerettsstridige okkupasjonane av Vestbreidda og Gaza, der det har vore utstrekt j?disk nybyggjaraktivitet p? palestinsk jord.

Ein kvar j?de, kor som helst i verda har rett til ? etablera seg i Israel, men det har ikkje fordrivne palestinarar sidan Israel er definert som ein j?disk stat. Dette kunne jo likna mistenkeleg p? settlarkolonialisme, noko Brekke protesterer sterkt mot. Dette g?r berre i hop ved at Brekke kombinerer ein ekstrem essensialisme og konstruktivisme i analysen.

P? den eine sida finn han at den j?diske nasjonen har sv?rt djupe r?ter, som har overlevd i diaspora i 2000 ?r (som gir j?dane, men ikkje palestinarane, fulle rettar). P? den andre sida ser han den sionistiske forma for nasjonalisme som eit konstruert fellesskap fr? slutten av 1800-talet (som anna europeisk nasjonalisme, og difor ikkje eit s?rsyn).

Og det er denne kombinasjonen av essensialisme og konstruktivisme som gjer at Brekke kan skli fr? den eine posisjonen til den andre n?r han skal forsvara ein nasjonalisme som rammar den folkegruppa som vart fortrengt, palestinarane.        

?Ingen er uskyldig? er ei agendastyrt bok, utan freistnader p? balanserte dr?ftingar. H?greradikaliseringa i israelsk politikk dei siste par ti?ra er til d?mes ikkje blant dei faktorane han nemner som ?rsak til stadig sterkare Israel-kritikk. I det heile: Den fullstendig apologetiske tonen overfor staten Israel sin politikk er av same slag som m-l-r?rslas heilt ukritiske haldning til Kina p? 1970-talet, den grupperinga Brekke elles g?r hardast til felts mot.

Boka inneheld ogs? relevant informasjon om antisemittisme – ogs? einskildd?me p? venstresida som kan kritiserast, men eit s? alvorleg og viktig tema som antisemittisme ville vore tent med ei grundigare og meir balansert framstilling enn dette.            

Publisert 3. nov. 2023 09:17 - Sist endret 7. nov. 2025 15:11