Det er lett ? vere med p? premissen bak denne boka. Etter at den tysk-rumenske forfattaren fekk Nobelprisen i litteratur, blei dei to redakt?rane samde om ?… at tiden var inne for ? presentere hennes unike forfatterskap for et norsk publikum?.
SENSUR. Under eit studieopphald i München i 1985 opplevde eg at Herta Müller og debutboka Niederungen var p? alles lepper i det litter?re milj?et. Historier som den at ordet “koffert” blei sensurert i den tysk-rumenske originalutgjevinga ettersom det kunne f? folk til ? tenkje p? flukt, gjorde inntrykk og f?rte meg til b?kene hennar, som etter kvart kom p? norsk. Det konkrete og individuelle spr?ket ho etablerte for ? vri seg unna spr?ktonen diktaturet hadde gjort ubrukeleg, var s? vakkert, s? sanseleg, s? grotesk og s? treffsikkert p? sitt eige skeive vis, at forfattaren blei ei viktig motvekt mot den glatte og inviterande prosaen som dominerer det litter?re landskapet.
TILBAKEHALDNE. Eg dundrar demonstrativt inn med meg og mitt her, fordi forfattarane av denne prisverdige innf?ringsboka er s? provoserande tilbakehaldne med sin eigen fascinasjon. Det er vel gjerne der fordjupinga i ein forfattarskap startar? I forordet blir det sitert fr? ein tale halden av Ilja Trojanow i samband med ei prisutdeling, n?r det skal seiast noko om kor viktig Müller er. Og den f?rste artikkelen, som er ei innf?ring i liv og verk, f?rt i pennen av Helgard Mahrdt, opnar slik: ?Det f?rste stikkordet som faller en inn n?r man skal beskrive Herta Müllers liv og verk, er “traume”.? (Mine uthevingar.) Dersom eg ikkje allereie var ein pasjonert Müller-lesar, ville det vore viktig ? f? forklart kva det var som fekk Mahrdt og dei andre bidragsytarane til ? bruke tid og krefter p? denne forfattarskapen, ikkje kva ?en? eller ?man? har ? melde. Det n?ytrale grepet blir desto meir malplassert p? ein forfattarskap der erfaring er sj?lve grunnmuren.
TETT P?. Mahrdt skjuler seg og sine eigne vurderingar s? godt ho kan gjennom heile artikkelen, og bruker i staden raust med plass til sitat av Müller og Müller-lesarar, heile 169 fotnotar m? til for ? dokumentere sitatbruken. Det f?rer meg som lesar tett inn p? Müllers eigne erfaringar med diktaturet og med diktinga, men vi blir snytte for den vurderande instansen som ser det heile fr? ein viss avstand. Sitata er p? den andre sida velvalte og gjev absolutt innsikt i Herta Müllers univers, men alts? ikkje p? det niv?et eg kunne ?nskje.
LOJALE FORTOLKINGAR. Ein forfattar som skriv essay der ho reflekterer over sin eigen litter?re praksis, fortener ? bli grundig saumfaren. Og ein kontroversiell forfattar som Herta Müller, fortener ? bli lesen opp mot kritikken. Eg tenkjer ikkje d? p? kritikken fr? den rumenske staten, men p? kritikken som g?r p? at ho estetiserer liding og diktatur, at ho blir for kryptisk n?r ho skaper nye ord av private erfaringar, og at ho etter 25 ?r i Tyskland framleis heng fast ved diktaturet. Her er ?Diktning og diktatur? del av eit st?rre selskap: Antologiar som denne har lett for ? bli lojale fortolkingar av forfattarens metode og intensjonar. Dette byggjer etter det eg kan forst?, p? ein misforst?tt respekt for eller lojalitet med objektet. ? dr?fte motf?restillingar kan aldri skade. S? kan ein jo avvise dei dersom dei fortener det.
Ei siste innvending handlar om kontekst: Livet til Müller, familien, landsbyen og staten er grundig dokumentert, og det er viktig. Det eg saknar, er ei litter?r kontekstualiering: Har ho skapt skrivem?ten heilt utan p?verknad fr? noko hald? Kva dreiv dei andre forfattarane med i ?Aktionsgruppe Banat?, som ho var del av? Har skrivem?ten hennar r?ter heilt andre stader, i andre diktatur, til d?mes? Slike perspektiv er s? godt som fr?verande.
DET SOM MANGLAR. Det vi til gjengjeld f?r, er ei grundig innf?ring i den originale ordbruken og tanken bak, i ein interessant artikkel av Sissel L?greid, som ogs? deler subjektive leseerfaringar n?r ho f?rst har kome i gang, det er alts? ikkje heilt fr?verande. Omsetjar Kjell Olaf Jensen skriv lett og k?serande om utfordringane med ? f? slike tekstar til ? klinge p? norsk, og Stig S?terbakken, som inviterte Müller til Norsk litteraturfestival, er representert med eit essay der avsendaren er tydeleg og lesingane gode, sj?lv om heller ikkje han problematiserer. Dei andre essaya, som anten handlar om eitt einskilt verk, ein sjanger eller ein tematikk, kastar alle lys over relevante sider ved forfattarskapen. Det er i hovudsak ikkje det som st?r, men det som manglar, eg kritiserer i Diktning og diktatur, som er beste boka til no om Herta Müllers forfattarskap p? norsk. Ho aktualiserer straks behovet for ei bok til.