N?r hjernen eldest, krympar han. Hjerneborken, som er det ytre laget av storehjernen, blir litt tynnare. Hjernens holrom, der v?ske flyt rundt, blir st?rre. Desse endringane p?verkar hjernens funksjon: Du hugsar litt d?rlegare. Du tenkjer litt saktare. ?
Ny forsking tyder p? at graviditet kan forseinke hjernens aldring.?
– Det ser ut til at kvinner som har f?tt barn, har ein friskare hjerne enn andre kvinne mange ?r etterp?. Hjernane deira ser litt yngre ut, seier Lars T. Westlye, f?rsteamanuensis p? Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo, og gruppeleiar ved Norsk senter for forskning p? mentale lidelser (NORMENT).
?
Yngre hjerne med fleire barn
Forskarane ved senteret bruker nye metodar for ? studere folks hjernestruktur. Ved hjelp av hjernebilete kan dei gjette alderen til ein person noks? presist. Slike bilete er i dag tilgjengelege i stort monn etter at forskarar har tatt til ? dele data i globale databasar.?
I ein ny studie som inkluderte bilete fr? over 45 000 personar, viste Westlye og kollegaene auka hjernealder hos personar med ulike typar hjernesjukdommar. If?lgje f?rsteforfattar og NORMENT-forskar Tobias Kaufmann gjeld dette s?rleg pasientar med MS, schizofreni og demens.?
Ein oppf?lgingsstudie fr? same forskingsgruppe tyder p? at det motsette er tilfelle for kvinner som har f?dt barn. Forskarane, leia av postdoktor Ann-Marie Glas? de Lange p? Psykologisk institutt, har studert hjernebilete fr? rundt 12 000 britiske kvinner i alderen 40-70 ?r. Studien, som nettopp er publisert i tidsskriftet PNAS, kan vise til sv?rt interessante resultat:?
– De positive effektane p? hjernen ser ut til ? auke med talet p? barn. Men har du fire eller fleire barn g?r effektane litt ned igjen, seier de Lange.?
– Dette kan skuldast at utvalet med fleire enn fire barn er lite, eller at ein del kvinner med mange barn h?yrer til spesielle grupper, legg ho til.?
?
Tilpassingsdyktige, men s?rbare?
Historisk har menneske sine hjernar vore vanskelege ? forske p?. Men dyrestudiar, og nokre studiar av menneske, tyder p? at hjernen er meir plastisk i enkelte periodar av livet. Ungdomstida er éin slik periode, graviditeten er ein annan.?
Ein plastisk hjerne er tilpassingsdyktig. Mellom anna har han truleg ei auka evne til ? danne nye koplingar mellom hjerneceller og til ? fjerne un?dvendige koplingar. Begge delar er viktig for l?ring.?
– All l?ring, om det er ? lese eller hoppe p? eitt bein, krev ei endring i hjernen. At hjernen vert endra under graviditet, har blitt forst?tt som evolusjonens m?te ? sikre at mor er i stand til ? tilpasse seg endringar, seier Lars T. Westlye.?
Samtidig er b?de graviditeten og ungdomstida s?rbare fasar. Risikoen for psykisk sjukdom aukar, for eksempel rammar f?dselsdepresjon mellom 7 og 13 prosent av f?dande kvinner, if?lgje Folkehelseinstituttet.?
– Ein plastisk hjerne er ein f?resetnad for l?ring og tilpassing til milj?et, men hos enkelte kan det ogs? f?re til at dei er meir s?rbare for psykisk sjukdom, fortel Westlye.
?
Hormonelle endringar
Under og etter graviditeten skjer det store, hormonelle endringar hos kvinner. I tillegg vert delar av immunsystemet aktivert, noko som kan p?verke risikoen for infeksjonar og sjukdomar seinare i livet. B?de hormonelle endringar og endringar i immunsystemet kan tenkjast ? p?verke hjernens aldring, if?lgje forskarane.?
– Vi trur at mange av desse prosessane er langvarige. Ni m?nader er ein kraftig kur, seier han.?
?rsakene til endringane i kvinnenes hjernealder er likevel usikre. Forskarane ser endringane heile 20–30 ?r etter graviditeten. Dei er ikkje veldig store, men absolutt signifikante, if?lgje Westlye.?
?
Skal f?lgje kvinner over tid?
Han kan likevel ikkje sj? vekk fr? at andre faktorar enn sj?lve graviditeten spelar inn p? kvinnenes hjernealder. For eksempel endrar mange kvinner livsf?rselen sin i denne perioden, mellom anna ved ? redusere alkoholforbruket.?
Forskarane kan heller ikkje vere sikre p? at skilnadene mellom kvinnene ikkje var der f?r graviditeten. Difor vil dei framover f?lgje med p? ei gruppe norske kvinner. Nokre av dei kjem til ? f? barn, andre ikkje. Ved ? studere kvinnenes hjernar over tid vil dei f? eit betre innblikk i om det faktisk er graviditeten som p?verkar hjernen.?
Dei reknar med ? finne m?lbare endringar i hjernen gjennom graviditeten.
– Vi ?nskjer ? unders?kje korleis desse endringane heng saman med endringar i psykisk helse og kognitive funksjonar som minne og merksemd, seier forskaren.?
?
– Trening er viktigast?
Er du 12 ?r og har ein hjerne som ein 16-?ring, er det positivt, if?lgje Westlye. Er du derimot 70 ?r med ein hjerne som ein 75-?ring, er det negativt, meiner han. Ein studie av James Cole og kollegaer ved Imperial College London i 2018 knytte tidleg aldrande hjernar til svakare gripestyrke, d?rlegare lungefunksjon og auka risiko for ? d?y tidleg. ?
? halde hjernen ung kan dermed vere ein god idé. Men slett ikkje alle kvinner f?r barn, og rundt halvparten av klodens folk er dessutan menn. Er det andre ting enn ? f?de barn ein kan gjere, viss ein ?nskjer ? ha ein ung hjerne??
– Fysisk aktivitet, seier Westlye.?
? f?de barn er ingen garanti for ein frisk hjerne.?
– Men generell fysisk helse, ? unng? r?yking og ha god blodsirkulasjon til hjernen, er viktig. Du kan neppe unng? ein alvorleg demenssjukdom ved ? trene, men du kan kanskje utsetje han.?
Kva med ? l?re spr?k, meditere eller l?yse kryssord? Det finst studiar som tyder p? at fleire former for mental trening kan p?verke hjernens struktur, men kor mykje dei p?verkar hjernens aldring er usikkert. Westlye trur at det jamt over er viktigare ? trimme kroppen enn hjernen.?
– Om du l?yser kryssord eller ei … eg trur ikkje det er s? enkelt ? endre livets kurs, medgjev Lars T. Westlye.?
– Men ein skal jo gjere livet rikare, ogs?. Det er sikkert smart ? utfordre hjernen heile livet, gjennom sosiale, kulturelle og kognitive aktivitetar.?
?