Det er 200 ?r sidan Vinje vart f?dd. Og mykje av det han skreiv, har funne vegen fr? leseboka til gl?ymeboka, men noko av det beste lever. Vinje skreiv ikkje for moro skuld, men han hadde tydeleg stor glede av ? skriva. Og han forarga mange med mykje av det han skreiv, og m?ten og m?let han skreiv p?, men har seinare gledt mange fleire. Jon Haarberg, professor i allmenn litteraturvitskap ved Institutt for litteratur, omr?destudium og europeiske spr?k p? Universitetet i Oslo, ser b?de det seri?se og det humoristiske i Vinje sin forfattarskap.
Men han vil aller helst f? fram den friske og frodige humoren i det Vinje skreiv, i hovudsak i prosaen, eit sv?rt viktig trekk ved Vinje sine essay, kommentarar og reiseskildringar, oversett eller tagt i hel av b?de m?lfolk og motstandarar.
Vinje p? vranga
Allereie i 1983 skreiv Haarberg si nytolkande magistergradsavhandling om Vinje og delar av hans verk, ?Vinje p? vrangen. Momenter til revurdering av en nasjonal klassiker?. Kom som bok i 1985. Der vrengjer han den tilvande m?ten ? lesa Vinje p? – iallfall prosaen hans.
– Fyrst; me feirar Vinje i ?r, men vert verka hans studerte og forska p? ved UiO no?
– Ikkje mykje. Det blir framleis undervist i Vinje; St?le Dingstad har hatt seminar om norske essaytradisjonar i v?r, og der er Vinje viktig. Elles vert Vinje gjort visitt i undervisninga om norsk litteratur fr? tida 1800–2000 og i spr?khistorie.
– Du har kalla avhandlinga di ?Vinje p? vrangen.? Det kan lesast slik at du vrengjer innsida eller ukjende sider av Vinje ut eller at Vinje var vrang, vanskeleg?
– Begge delar. I resepsjonsperspektiv, slik Vinje vart teken imot og opplevd i si tid, blei han nok oppfatta dels som vrang, kranglevoren, is?r av riksm?lssida – ikkje berre debattglad. Og han var utan tvil i opposisjon og motkulturell. Men m?lfolka pr?vde ? feia det vrange og antiautorit?re ved Vinje under teppet og forsvara han som ein seri?s forfattar. Vinje vart etter kvart framstilt som ein martyr og eit offer, ikkje minst i m?lstriden.
Den djerve Vinje
?– Undertittelen p? avhandlinga di er ?Momenter til revurdering av en nasjonal klassiker?. Du tykte han trong og fortente ei revurdering?
– Ja, eg ville i grunnen rehabilitera den radikale og rabulistiske Vinje, slik han st?r fram i det han skriv som Christiania-korrespondent for Drammens Tidende i ?ra 1851–59 og i sitt eige blad D?len fr? 1858 til 1870. I begge desse rollene bryt han med det konvensjonelle og vert ein viktig nyskapar i norsk pressehistorie.
– B?de i m?lbruk, gradvis oppnorska dansk i Drammens Tidende og heilt ny norsk i D?len, i skrivem?te og i emneval – han skreiv om det meste, nyskapte han radikalt essayistikken og kommentaren i norsk presse.
Det Vinje skreiv, var den tid uh?yrt, vulg?rt for borgarskapen, etablissementet. Dei kritiserte han m.a. for ? vera kameleon, vêrhane, ein som skifte ham eller meining etter omstenda, og ein hoffnarr og harlekin – ein gj?glar for omverda, to figurar me veit har hatt ein viktig funksjon som korreksjon til dei mektige og styrande. Men Vinje vart ogs? direkte ford?md, latterleggjord og tagd i hel, alt etter som.
– Du gjer dessutan i di bok front mot den tradisjonelle m?ten ? framstilla Vinje og hans verk p?, den biografiske og kronologiske og lite reflekterande.
– Ja, som litteraturvitar meiner eg Vinje fortente ein ny og annleis m?te ? lesa han p?. Eg las prosaen til Vinje i lys av tankane til den russiske litteraturteoretikaren og kulturhistorikaren Mikhail Bakhtin. Hans store tanke var karnevaliseringa av litteraturen, og det fall i auga ? sj? Vinje sine essay og samtidskommentarar i ein slik samanheng, med folkelege, humoristiske ytringsformer, ikkje ulikt Rabelais og Cervantes. Og i slekt med Holberg og Goldschmidt. I lyrikken litt lik Burns.
– Tvisynet til Vinje kjem godt fram i den karnevalske skrivem?ten. Biletet eg gav av den folkelege humoren og uv?rdne autoritetskritikken, st?r seg godt. Men eg ville nok ikkje lagt s? einsidig vekt p? Bakhtin sine teoriar i tolkinga av Vinje i dag. Vinje byr elles ofte p? ein frisk l?tt, som degraderer det opph?gde, pomp?se og svulstige, gjerne ned i det jordn?re, kroppslege og i samanlikningar fr? dyreriket.
Vinje var lite klassisk
– Dette er vel stikk i strid med Sigmund Skard sine synsm?tar i doktoravhandlinga hans fr? 1938, Vinje og antikken?, der han gjer Vinje til ein klassikar i gresk og norr?n tradisjon (fr? Homer og Edda)?
– Ja, eg har g?tt imot Skard sin hovudtese om at Vinje var ein heilskapleg, klassisk forfattar, ei tvangstr?ye Skard sj?lv ogs? til dels s?g vart for trong. Avhandlinga hans er utan tvil den store, grundige boka om Vinje – sett fr? hans synsstad, men eg ser i Vinje sin prosa det nyskapande og frigjerande, ein uklassisk, moderne og norsk stil, snarare enn ein klassisk fr? antikken.
– Vinje vart rett nok ein nasjonal klassikar, fekk innpass i leseb?kene og slik i skulen, som har halde han i live. Men han var ingen antikkens klassikar, slik Skard ville ha det til. Den karakteristikken gjeld berre ein liten del av “den samansette kroppen” Vinje var. Men landsm?lslyrikken til Vinje er klassisk og lite kontroversiell; den er varm og var, medan han i debatt og kommentar ofte vart oppfatta som kynisk og hard.
– Det er viktig ? presisera at eg i hovudsak har sett p? Vinje sin prosaproduksjon, dvs. rammenskorrespondansen og D?len, medrekna ?Ferdaminni fraa Sumaren 1860?. Der ser eg mykje meir av ein frisk, freidig og frodig skribent enn vanleg har vore i den nynorske tolkingstradisjonen – det er stort sett nynorskingar som har skrive, til dels noks? ukritisk, om Vinje og hans verk opp gjennom ti?ra.
– Vinje var nok eldhuga m?lmann og nasjonal, men ikkje nasjonalistisk, heller ikkje nasjonalromantisk. Men i dikta sine kunne han vera naturn?r og romantisk.
Ein folkeleg ordgj?glar
– Du lanserer det karnevalske og harlekin-figuren, gj?glaren som forklaringsmodell for mykje av det Vinje skreiv av prosa. Men Vinje skreiv vel ikkje for moro skuld?
– Nei, avgjort ikkje, sj?lv om ein tilsynelatande tilfeldig innfallsrikdom kunne tyda p? det. Vinje hadde meining og m?l med det han skreiv, anten det gjaldt politikk, sosiale tilh?ve, teater, litteratur eller spr?k. Det siste var viktigaste saka hans, ? kjempa fram eit norsk skriftspr?k som Ivar Aasen nett hadde sett saman. Men det er ingen tvil om at han hadde sv?rt stor glede av ? skriva, og han laga fleire nye, norske ord, s? som flogvit for geni!
Det er slett ikkje berre litteraturtolkingsteori som har sett Haarberg p? sporet av Vinje som fargerik, folkeleg skribent; det er b?de innhaldet i det han skriv om, som fesj? og marknader og studentmoro, og sj?lve m?ten han skriv p?; frisk og uredd og med mykje ironi, satire, harselas og uv?rden spr?kbruk om dei/det etablerte.
– Og han skriv med stort slingringsmonn n?r det gjeld tid og stad og andre fakta, t.d. i ?Ferdaminni ?, der fleire av innslaga ikkje er sj?lvopplevde, men l?nte fr? andre – ein rikdom av vandrehistorier henta fr? anna hald – ?? laga god litteratur er ofte ? kna r?ynda godt?. Han skilde seg elles ut med ein samtaleprega skrivem?te – til ein likeverdig lesar, i duform, og han iscenesette ofte eigen person i hendingane.
Framstegsvenleg folkeopplysar
– Han hadde, i tillegg til m?lsaka, ein annan stor kongstanke i sitt virke; det var god folkeopplysning, utdanning og danning for folk flest. ?Kunnskap skal styra…? var hans store leiestjerne i s? m?te. Og mykje av det han skreiv, var opplysande. Vinje var forresten ein framifr? folketalar, ettertrakta og omtykt p? fesj? og marknader og i festlege lag.
– Dessutan var han sv?rt framstegsvenleg, oppteken av tekniske nyvinningar som jarnvegen (toget kalla han “tr?n”), telegrafen og dampskipa og modernisering i landbruket og i heimen, s? som reinsemd. I mange av hans observasjonar kan ein sj? parallellar til det Eilert Sundt skreiv om folkelivet, men skrive p? ein annan m?te. Sj?lv om Vinje p? ei side var kulturkonservativ, var han ogs? sv?rt moderne.
Jurist og akademikaremne
– Dei f?rraste veit vel at Vinje tok ein embetseksamen ved Det Kongelige Frederiks og kanskje kunne ha vorte ein god akademikar?
– Nei, men han studerte jus fr? 1851 til 56, d? han tok juridikum med laud og fekk s? l?yve til ? bli overrettssakf?rar. Han kombinerte studia med skrivinga og m? ha vore arbeidssam og disiplinert.
Me veit han var skuleflink. Han hadde elles som grunnhaldning ? nekta godta all vanetenking og trudde aldri tvert p? autoritetar. S? han var verkeleg eit godt emne til ? verta ein framifr? akademikar. Men han valde publiseringa.