Dei tekstane som elevane blir inviterte til ? ha ei kritisk innstilling til, er slikt som reklame og politiske tekstar, alts? tekstar som alle forst?r er laga for ? p?verke. Medan det som blir presentert som ei fagleg framstilling, noko som verkar n?ytralt, det treng ein alts? ikkje vere s? kritisk til, seier Jonas Bakken.
Han er f?rsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for l?rarutdanning og skuleforsking p? Universitetet i Oslo. Saman med Emilia Andersson-Bakken, som er f?rsteamanuensis i pedagogikk ved H?gskulen i Oslo og Akershus, har han unders?kt kva for ulike syn p? skj?nnlitteratur og sakprosa elevane m?ter gjennom oppg?vene i norskl?reb?k-ene.
Snubla over m?nster
Eigentleg skulle dei studere skilnaden mellom oppg?ver i norskl?reb?ker og naturfagl?reb?ker, eit arbeid som framleis held p?, med m?l om at det ein gong i framtida kan munne ut i eit stort kart over kulturen for l?rebok-oppg?ver i norsk skule. Men s? vart dei alts? litt avspora av desse skilnadene som dukka opp innanfor norskfaget.
– Det var noko vi n?rast snubla over, fortel Emilia Andersson-Bakken.
Dei gjekk igjennom tre norskl?reb?ker som er mykje brukte i f?rste trinn p? vidareg?ande. Kvar einaste oppg?ve i b?kene fekk ein kode som fortalde kva type oppg?ve det var: ei oppg?ve med eit bestemt fasitsvar eller ei oppg?ve som kan l?ysast p? ulike m?tar, ei oppg?ve der eleven skal kome fram til svaret i sitt eige hovud eller finne det ved hjelp av l?reboka eller andre ressursar. Til saman vart det mange oppg?ver.
– Det var d? vi s?g p? dei store tala, at det dukka opp eit m?nster. Vi ville ikkje ha sett skilnadene om vi berre hadde lese enkeltoppg?ver, seier dei.
F?r og etter Kunnskapsl?ftet
Oppg?vene i norskl?reb?kene er knytte til tekstar som elevane skal lese. B?kene inneheld samlingar av skj?nnlitter?re tekstar, sakprosatekstar, og dessutan l?re- bokteksten sj?lv, som ogs? er ein sakprosatekst. Tidlegare har norskfaget hatt eit nasjonsbyggingsperspektiv, med fokus p? spr?khistorie og sentrale, skj?nnlitter?re tekstar. S? kom Kunnskapsl?ftet, som vart innf?rt i grunnskulen og vidareg?ande skule i 2006. D? gjekk l?replanane vekk fr? ? oppgje kva faget skulle innehalde, til ? seie kva typar kompetanse elevane skulle tileigne seg.
Radikalt brot
– Kunnskapsl?ftet f?rte med seg eit radikalt brot i korleis ein skulle forst? norskfaget, og spesielt forst?inga av sakprosa og skj?nnlitteratur. F?r 2006 var norskfaget i stor grad eit litteraturfag. Skj?nnlitteratur vart framstilt som tekstar med heilt spesielle eigenskapar, meir tolkbare og meir estetisk h?gverdige enn andre tekstar, og med st?rre danningspotensial. Medan sakprosatekstar i st?rre grad vart problematiserte, seier Jonas Bakken.
– Etter Kunnskapsl?ftet er tanken at alle tekstar i prinsippet skal handsamast likt, og l?replanane er baserte p? at ein skal jobbe like mykje med sakprosa som med skj?nnlitteratur. Det hang i hop med at nasjonale pr?ver og internasjonale skuletestar som PISA viste at norske elevar var gode til ? tolke forteljingar, men dei greidde ikkje ? forst? ein rutetabell. Dei gjekk ut av vidareg?ande utan ein del viktige sjangerforst?ingar og lesestrategiar. Difor vart det ei sterk oppjustering av sakprosa i den nye l?replanen.
Motseier seg sj?lve
Men l?reb?kene heng alts? ikkje heilt med, meiner dei to. B?kene speglar framleis den fagforst?inga som r?dde for 20–30 ?r sidan. Sakprosasamlingane i b?kene utgjer berre mellom 15 og 30 prosent, langt mindre enn skj?nnlitteraturen, og sjangerutvalet er smalt. Dessutan legg norskl?reb?kene stor vekt p? at elevane skal ?ve seg i kjeldebruk og kjeldekritikk, men ikkje n?r det gjeld l?reb?kene sj?lve. Det h?yrer til unntaka at norskl?reb?kene oppgjev kjelder undervegs i teksten.
– P? den m?ten motseier l?reboksjangeren seg sj?lv, seier Jonas Bakken.
– Ein l?reboktekst skal ein berre godta. Men n?r elevane seinare kjem inn p? h?gare studium, vert det venta av dei at dei skal vere kritiske til innhaldet i l?reboka. Det blir ein stor overgang, peikar Emilia Andersson-Bakken p?.
Speglar gammal fagkultur
Oppg?vene i l?re-b?kene fortel alts? elevane, implisitt, at det er skilnad p? korleis ulike typar tekstar skal lesast, sj?lv om l?replanane seier at alle tekstar skal lesast ved hjelp av dei same analytiske verkt?ya. Meir enn halvparten av oppg?vene knytte til dei skj?nnlitter?re tekstsamlingane er vurderande oppg?ver, der elevane skal leite etter svaret inne i seg sj?lv. 23 prosent er oppg?ver der elevane skal resonnere seg fram til eit bestemt fasitsvar. N?r det gjeld sakprosasamlingane, utgjer desse to oppg?vetypane h?vesvis 39 og 31 prosent.
L?rebokteksten har langt f?rre vurderande oppg?ver knytt til seg enn skj?nnlitteratur- og sakprosasamlingane har, men i staden langt fleire oppg?ver der elevane skal utf?re ei handling eller reprodusere eit fasitsvar direkte fr? l?reboka.
– M?ten oppg?vene er laga p?, speglar ein kultur som er i tr?d med dei gamle l?replanane. Vi trur at mykje av grunnen er at ein ikkje tenkjer over den kulturen. Kanskje kan det ? gjere l?rebokforlaga merksame p? dette, vere nok til ? f?re til meir varierte oppg?ver innanfor alle sjangrane, seier Emilia Andersson-Bakken.
Andre fag for tur
Og kan hende har ho rett. Etter at dei publiserte funna sine, har dei vore i kontakt med l?rebokredakt?rar som fortel at det var nyttig ? bli gjort merksame p? m?nster som dei sj?lve ikkje hadde sett d? dei laga l?reb?kene. N?r l?reb?kene no skal reviderast, vil dei tenkje meir p? variasjon i oppg?vene.
– Men det er jo ikkje meininga v?r ? hengje ut l?rebokforfattarar. Vi har studert l?reb?ker fordi vi reknar med at dei speglar fagkulturen i seg sj?lv. B?kene er skrivne av rutinerte l?rarar og forskarar som representerer ein miks av fagfeltet, s? dei gjev eit uttrykk for korleis det samla fagmilj?et oppfattar desse aspekta, meiner Jonas Bakken.
No utvidar dei perspektivet, f?rst ved ? g? vidare med samanlikninga av norsk- og naturfagb?ker, seinare vil dei gjerne sj? p? l?reb?ker i fleire fag.
– Men d? treng vi ? alliere oss med folk som har fagkunnskap innanfor dei andre faga, seier forskarparet.