Gjenbruk, gr?n mote og milj?vennleg design er i vinden som aldri f?r. Saman med ordet “berekraftig” har desse trendane for lengst slege an ein viktig tone i samfunnet.
Dei siste ?ra har ogs? ei r?rsle som v?ler, reparerer saker og ting, komme til syne. For kva kan du gjere med ein ?ydelagd radio, sykkel, tv eller kj?kkenmaskin? P? f? ?r har n?rare hundre reparasjonsnettverk dukka opp rundt om i verda. Milj?medvitne frivillige arrangerer uformelle samlingar p? offentleg stad, der folk kan f? hjelp til ? reparere utstyr.
– F?rem?let er ? gjere forbrukarane og folk flest medvitne om ? vere meir enn berre kundar og kj?parar. I staden tek dei sj?lve del i designprosessen.
Det fortel forskar Gabriele Oropallo, som har sett n?rare p? fenomenet ?repair activism? – reparasjonsaktivisme.
Eit liv etter d?den
Historia om desse nettverka er ogs? del av historia om berekraftig design, som s? langt har vore eit lite utforska felt. Eit tre?rig forskingsprosjekt ved Institutt for filosofi-, idé- og kunsthistorie og klassiske spr?k ved UiO unders?kjer no den historiske utviklinga av berekraftig design sidan 1960-talet – b?de blant designarar, l?rarar, teoretikarar, kritikarar og forbrukarar.
– P? den tid gjorde milj?vern og klimaendringar sitt inntog i folks medvit, og dermed ogs? mellom designarar. Nokre reagerte med ? nekte ? produsere noko. Dei ville ikkje skape noko f?r krisa var l?yst. Design blir p? den eine sida sett p? som ei av l?ysingane p? klimakrisa, og er p? den andre sida blitt skulda for ? vere del av problemet.
Forskarane er ikkje f?rst og fremst opptekne av tinga i seg sj?lve, men ideane bak. Oropallo har bakgrunn fr? antropologi, historie og statsvitskap, og har i arbeidet med doktoravhandlinga si unders?kt korleis ideen om berekraftig design har endra seg b?de p? produksjons-, forbrukar- og gjenbruksstadiet.
– Eg ville jobbe med eksempel som kunne seie noko om dei ulike stadia i ein gjenstands levetid. Og eg ville unders?kje kva slags p?verknad det veksande medvitet om berekraft har hatt.
– Reparasjon gir til d?mes eit h?ve til ? sj? p? kva som skjer med eit produkt etter at det er ?daudt?, seier han.
Sj?lvforsyning og gjer-det-sj?lv
Reparasjonsaktivismen voks fram som ein del av nytenkinga innafor designkultur i 1960-?ra. Det handla ikkje om ? reparere fordi ein ikkje har r?d til noko nytt, men fordi design p?verkar milj?et. Med stadig veksande milj?medvit mellom folk auka ogs? merksemda mot masseproduksjonen og bruk-og-kast-samfunnet.
– I ti?ra etter andre verdskrigen blei s?kalla ?planlagd forelding? – n?r produkt vert utvikla med eigenskapar som gir dei kortare levetid, slik at dei m? bytast ut med nye – meir og meir sett p? som ein uetisk praksis, ogs? i den s?kalla mainstreamkulturen.
I 1968 kom f?rste utg?va av Whole Earth Catalog: Access To Tools ut i USA. Magasinet blei raskt popul?rt i amerikansk motkultur. Det inneheldt informasjon og produktoversikter. ?kologisk design, sj?lvforsyning, holisme og gjer-det-sj?lv-tankegangen stod sentralt. Den autorit?re tonen i magasinet hylla all sm?skalaproduksjon og tok avstand fr? all form for 澳门葡京手机版app下载 med st?rre selskap.
– Det var ikkje akkurat snakk om ?krig? mellom det moderne og fortida, men heller ei form for geriljaverksemd blant enkeltindivid og grupper, som dreiv sabotasje og jobba meir i det skjulte. Sj?lv om dagens nettverk ikkje er like radikale, er det likevel snakk om ein slags “gerilja-design-aktivisme”, meiner Oropallo.
Det er likevel tydeleg likskap mellom aktivistane i motkulturen p? 1960-talet og dagens grasrotgrupper. Verdiane og motivasjonen byggjer p? det same.
– Design treng ikkje ? vere reservert industrien. Enkeltpersonar kan sj?lve gjere inngrep i ting som allereie er laga, og med det f? oppleve ? ha ein positiv innverknad p? milj?et.
Ut med resirkulering
Sidan 1960-?ra har reparasjonsaktivismen vakse i det stille i popul?r- og designkulturen. D? finanskrisa slo til i 2007, opna det seg rom for ? gjere fenomenet meir synleg. Verdas f?rste “Repair Manifesto” vart lansert i 2009 gjennom det nederlandske designkollektivet Platform 21, og det beskriv heile filosofien bak dagens reparasjonsaktivisme. Manifestet f?rte til oppstarten av det internasjonale Repair Society, som igjen har f?rt til nettverk som Repair Cafe i Amsterdam, Fixit Clinit i Albany, California og Fixers Collective i New York.
Nyleg s?g ogs? Noregs f?rste Repair Café dagens lys i S?rumsand.
Sentralt i filosofien til manifestet er ideen om at reparasjon er ein konstant kamp for ? f? ting til ? fungere. Ikkje berre gjenstandar, men ogs? spr?k og menneskelege relasjonar. Interessant nok tek ogs? fleire av nettverka avstand fr? resirkulering. “Stop recycling, start repairing!”, er meldinga fr? Repair Manifesto.
– Argumentet er at resirkulering involverer kostnader som kan bli drastisk redusert n?r ein let vere ? kaste det, seier Oropallo, som sj?lv deltok i oppstarten av Repair Society under den internasjonale kunstutstillinga Istanbul Biennial i 2014.
Politikk og design
Eit viktig f?rem?l for det tre?rige forskingsprosjektet er ? sj? p? det politiske som ligg bak utviklinga, og ulike tolkingar som har oppst?tt innafor berekraftig design. Enkelte av dagens reparasjonsnettverk er tydeleg politiske i sin profil, og sj?lve promoteringa av reparasjon skaper gjerne ei f?restelling om ei idyllisk fortid der menneska levde meir i harmoni med den materielle verda. Dei bygde husa sine og dyrka sin eigen mat.
– Faren med ? forplikte seg til denne ideen, er f?resetnaden om at vi g?r fr? ei perfekt fortid til ei ufullkommen framtid. Dette er ikkje alltid aktivistane medvitne om. For alt var ikkje n?dvendigvis enklare f?r, meiner Oropallo.
? gjere eit djupdykk i historia om berekraftig design, gir eit h?ve til ? sj? kva rolle design har hatt etter det gr?ne milj?skiftet.
– Kva som vart rekna for ? vere berekraftig for f?rti, tretti og tjue ?r sidan – eller til og med i fjor – er forskjellig fr? i dag. Men resultata av desse f?restellingane er framleis med oss. Berre ved ? sj? oss tilbake, kan vi vurdere innverknaden dei har hatt, understrekar designhistorikaren.