Ogs? sm?barn blir h?yrde

Barn er ikkje lenger prisgitt foreldra sine meiningar i barnefordelingssaker, dei er blitt synlege subjekt med eigne stemmer og reell p?verknadskraft.

BARNA ER BLITT SYNLEGE: - Barn er ikkje blitt viljelause kasteballar, men sj?lvstendige subjekt med verdifull innsikt i eigen situasjon, seier Kristin Skj?rten. Illustrasjon: Hanne Utigard.

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 10. des. 2015

Det viser studiar av ordlyden i barnefordelingsdommar over snart tjue ?r.

Midt oppe i dei mange sosiale endringsprosessane samfunnet v?rt har vore igjennom dei siste ti?ra, er kanskje synet p? barn ein av dei mest merkbare. Tradisjonelt har ein tenkt at barn ikkje kan ventast ? ha innsikt og vere mogne nok til ? kjenne sitt eige beste, og at foreldra difor m? ta avgjerder p? vegner av barnet. Men kva skjer dersom foreldra g?r fr? kvarandre og det oppst?r konfliktar i synet p? kva som er best for barnet?

Ikkje noka nedre aldersgrense

Aksepten for at barnet sine synspunkt er verdfulle og skal takast omsyn til, er stadig blitt sterkare. I FNs barnekonvensjon fr? 1989 blir det sl?tt fast at barn har rett til ? gje uttrykk for eigne meiningar i saker som gjeld barnet. I den norske barnelova er barnets rett til ? bli h?yrt gradvis blitt utvida: F?rst fekk barn ned til tolv ?r rett til ? bli h?yrde, i 2004 vart dette endra til ? gjelde barn ned til sju ?r. Seinast i fjor kom det ei endring i lova som presiserte at sju ?r ikkje m? reknast som noka nedre grense, men at alle barn som er i stand til ? danne seg eigne oppfattingar, skal ha rett til ? bli h?yrt.

? I saker som gjeld barnefordeling og samvere, ser vi at n?r barn f?rst f?r sjansen til ? uttale seg, vel dei fleste ? gjere det. Det at barnet skal bli h?yrt, er ikkje det same som at det m? gje uttrykk for eit klart standpunkt i den eine eller andre retninga, men sidan barnets beste skal vere det overordna omsynet, vil all informasjon vere av verdi, seier professor Kristin Skj?rten ved Institutt for offentleg rett p? Universitetet i Oslo.

Skj?rten har samla inn og studert dommar fr? barnefordelingssaker i utvalde tidsrom sidan 1998. Materialet omfattar dommar f?r og etter at lova vart endra fr? tolv til sju ?r, og no er ho i gang med ? samle dommar fr? 2015, alts? etter dei siste lovendringane som presiserer at ogs? yngre barn skal ha h?ve til ? bli h?yrde. Dommane kjem fr? lagmannsrettane og fr? H?gsterett. Det vil seie at dei allereie har vore gjennom ein runde i tingretten, og ein av partane har anka saka vidare i systemet.

Nytt syn p? barns utvikling

Allereie i det tidlegaste materialet, dommar fr? 1998 til 2000, fann ho at barns rett til ? bli h?yrde var blitt styrkt. Domstekstane viser at barna over tid er blitt meir synlege i desse sakene. Dei er ikkje viljelause kasteballar som er underordna foreldra sine meiningar og behov, men stig fram som sj?lvstendige subjekt med verdifull innsikt i eigen situasjon.

Skj?rten har funne at dommarane i st?rre grad enn f?r legg vekt p? barnet sine meiningar. Men er dette eit resultat av lovendringane som har skjedd, eller er det snarare slik at lova er blitt endra fordi samfunnet har g?tt gjennom ein prosess der vi har endra syn p? barn som deltakarar?

? Fleire faktorar er verksame, trur ho. ? Utviklinga i Noreg har ein internasjonal parallell. I staden for ? tenkje at mogning heng direkte i hop med barnets kronologiske alder, er det blitt vanlegare ? vurdere konteksten rundt kvart enkelt barn. Dette kan sporast tilbake til teoriar om barns utvikling, der det har skjedd ei oppmjuking i den forstand at ein ikkje lenger ser barnets utvikling og kronologiske alder som to sider av same sak, men at kontekst har meir ? seie.

For mykje ansvar?

Ei innvending mot ? h?yre barn i barnefordelingssaker, er at barnet skal sleppe ? m?tte velje mellom foreldra. Det kan vere ein relevant kritikk n?r det gjeld sp?rsm?l om fast bustad, men ikkje i sp?rsm?l om samversrettar, peikar Skj?rten p?.

? N?r ein diskuterer samvere, s? er spekteret av moglege l?ysingar mykje st?rre. Tid, stad og omfang kan diskuterast, og barnet kan kome med gode innspel som elles ikkje ville blitt synlege, seier ho.

Ein konsekvens av at barn er blitt meir synlege, er at sp?rsm?l om samverstvang i st?rre grad er oppe til diskusjon. Tidlegare har ein gjerne tenkt at det beste for barnet er ? ha samvere med den forelderen barnet ikkje bur hos, s? lenge det ikkje er noko spesielt ved forelderen som talar imot – slik som fare for vald eller overgrep.

? I materialet mitt ser eg at i saker der barnet ikkje vil ha samvere med ein av foreldra, og det ikkje heftar noko negativt ved den forelderen, s? kan det bli ein diskusjon om det er mogleg ? finne l?ysingar som unng?r bruk av tvang, fordi tvang kan oppfattast som eit ?tak p? barnets integritet, seier Skj?rten.

Samvere for tokultur

Det at barns synspunkt blir tillagt meir vekt, tyder likevel ikkje at avgjerda i saka blir lagt p? barnet sine skuldrar. I dei sakene der dommen samsvarar med barnet sitt ?nske, er dette eitt av fleire modent som alle peikar i same retning. Og om lag ein firedel av dommane g?r mot barnets ?nske.

? Har desse sakene, der retten alts? kjem fram til at barnet ikkje forst?r sitt eige beste, nokre fellestrekk?

??Nei, det kan eg ikkje seie. Men eg har av og til sett at dommaren har beklaga overfor barnet i saker der ein har kome fram til ei avgjerd som g?r mot barnets ?nske, men som ein likevel trur vil vere til beste for barnet. Det er ein del av det samla biletet som viser at barnet er blitt meir synleg i domstekstane, seier Skj?rten.

I eit delprosjekt har ho ogs? unders?kt om etnisitet og kultur har noko ? seie i foreldretvistar om bustad og samvere. Ho fann at argument knytt til etnisitet og kultur vart lagt fram i om lag halvparten av sakene der ein eller begge foreldra hadde utanlandsk bakgrunn. I sp?rsm?l om fast bustad kunne argument om at ein av foreldra var betre integrert i Noreg, bli tillagt vekt. I sp?rsm?l om samvere, handla argumenta gjerne om at den utanlandske foreldreparten gjennom samvere kunne ivareta barnet sin rett til ? h?yre til to kulturar.

? I slike tilfelle ser ein alts? p? det ? vere tokulturell som eit gode, men barnet er ikkje alltid like oppteke av ? vere tokulturell som forelderen er, fortel Kristin Skj?rten.

Publisert 10. des. 2015 20:38 - Sist endret 7. nov. 2025 15:10