Norsk Ordbok manglar bokstavane A til H

Norsk Ordbok har f?tt 150 millionar kroner til den tolv band store papirutg?va, men ikkje noko til nett. Nettversjonen manglar alle ord fr? A til H.

12 BAND: Det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok kjem ut i slutten av 2014. D? har ordbokredaksjonen gitt ut eitt nytt band kvar 15. m?nad. Kvart band er p? 800 sider, fortel Oddrun Gr?nvik, ?se Wet?s og Sturla Berg-Olsen. Foto: Yngve Vogt

Av Yngve Vogt
Publisert 29. juli 2013

Om halvtanna ?r er det tolv band store verket Norsk Ordbok i boks. Norsk Ordbok dekkjer det nynorske skriftspr?ket og heile det norske folke-m?let, fr? Agder i s?r til Finnmark i nord. Uheldigvis vil ingen ord mellom A og H vere r?d ? s?kje p? i den digitale utg?va.

– Ordboka er viktig for at det norske spr?ket skal leve vidare, men moderne norsk er dessverre ikkje skikkeleg dokumentert fr? A til H, verken p? papir eller digitalt, beklagar prosjektdirekt?r for Norsk Ordbok, ?se Wet?s ved Universitetet i Oslo.

Forklaringa er enkel. Dei fire f?rste banda vart skrivne den gongen penn og papir r?dde grunnen.

Starta p? 1930-talet

Arbeidet med Norsk Ordbok tok til som ein nasjonal dugnad i 1930. Det f?rste heftet med dei f?rste orda p? A kom ut i 1950, til hundre?rsjubileet for Ivar Aasens f?rste ordbok.

Ikkje f?r i 1966 var arbeidet kome s? langt at Det Norske Samlaget kunne gi ut det f?rste bandet. Band 2 kom i 1972, band 3 i 1994 og band 4 i 2002. Det var f?r dataalderen hadde n?dd ordbokverda.

For ? f? fortgang i arbeidet, blei prosjektet Norsk Ordbok 2014 oppretta ved Universitetet i Oslo i 2002. Redaksjonen vart tredobla, til 27 forskarar. Dei skulle fullf?re ordboka til grunnlovsjubileet i 2014. Ordbokredaksjonen har brukt 15 m?nader per band.

– Det er som ? g? Bessegga i 12 ?r. Ingen andre ordbokredaksjonar har klart det same tempoet. Vi m? heile tida ha kontroll p? kor stor plass orda kan f?. Verket skal vere p? akkurat 12 band, med 800 sider i kvart band, korkje meir eller mindre, fortel forskar og hovudredakt?r for ordboka, Oddrun Gr?nvik p? Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo.

Inga satsing p? nett

Ordboka har f?tt meir enn 150 millionar kroner fr? Stortinget, men ingen pengar til nettutg?va.

– Vi er betalte av Stortinget for ? lage ordbok p? papir, men nettet er blitt stadig viktigare. Nett-versjonen for bokstavane I til ? er i dag av det enklaste slaget. Med ein utvida nettversjon finst det enormt mange bruksm?tar, som ? kunne s?kje etter korleis ord blir brukte ulike stader i landet eller korleis ord vert nytta i litter?re verk, til d?mes i romanen Isslottet av Tarjei Vesaas, seier Gr?nvik.

I den digitale versjonen ?nskjer dei ogs? h?ve til ? s?kje p? faste ordsamband, slike som ?pikk og pakk?, ?heit potet? og ?sl? seg igjennom?.

Eit artig s?k som fungerer allereie i dag, er oversikt over alle tydingane til ord som ?sm?rblom?. Sm?rblom blir brukt om s? forskjellige arter som engsoleie, v?rk?l, l?vetann, hestehov, tepperot og ballblom.

– Planen er ? vise stadopplysningane med digitale kart.

Vanskeleg ? revidere

?se Wet?s gjer det klart at ordboka har avgrensa bruksverdi s? lenge ikkje heile verket er digitalisert.

– Utan ein digital fullversjon er det ikkje r?d ? revidere ordboka tematisk. Det er heller ikkje nok ? digitalisere dei fire f?rste banda slik dei er i dag. Dei treng ein full revisjon.

Mange viktige ord i dagens vokabular er ikkje skikkeleg omtala i dei eldste banda. Det er spesielt tydeleg i det f?rste bandet.

– Spr?ket har endra seg sidan f?rti- og femti-talet. Ordet ?bil? er s? vidt nemnt i ordboka.

Forvitrar

Ordbokredakt?rane fryktar at ordboka vil forvitre om dei ikkje f?r fullf?re arbeidet.

– Dette er det st?rste humanioraprosjektet nokosinne. Vi er nesten i m?l, men i februar 2015 skal prosjektet oppl?ysast. D? blir barnet kasta ut med badevatnet. Det er fort gjort ? bryte ned eit milj?. Derimot tek det lang tid ? byggje opp ny spisskompetanse. Leksikografane v?re m? l?rast opp i eit heilt ?r f?r dei kan redigere ord p? eiga hand, fortel Wet?s.

Rektor Ole Petter Ottersen seier til Apollon at universitetet er klar over dette, men at dei m? diskutere med Kulturdepartementet f?r dei kan seie noko om kva som skal skje, b?de n?r det gjeld finansiering og kven som skal ha det praktiske ansvaret for den vidare drifta av ordboka.

300 000 ord

Ordboka har f?tt plass til 300 000 ord, men har materiale til det doble. To tredjedelar av orda er samansetjingar. Resten er grunnord. Ordboka har ogs? med alle m?lf?reformene til grunnorda.

For ? sj? om eit ord skal vere med eller ei, unders?kjer redakt?rane bruken i Nynorskkorpuset, ei digital tekstsamling med alle slags nynorske tekst-er fr? dei siste 150 ?ra.

Dei sjekkar ogs? ordarkivet. 700 frivillige spr?k-informantar fr? heile landet dreiv alle tiders orddugnad p? 1930-talet ved ? g? rundt og samle inn ord, tre millionar til saman.

– I ordarkivet finst mange ord som er sjeldne i skrift. Ordarkivet og korpuset utfyller difor kvarandre.

Ordarkivet er i dag digitalisert og tilgjengeleg p? nett.

– For ? fylle krava til vitskapleg kvalitet, m? vi kunne dokumentere ordforklaringane v?re. Alle som vil, kan sj? oss i korta.

Internasjonalt stort

Med sine 300 000 ord er Norsk Ordbok ein internasjonal tungvektar.


Ordbog over det Danske Sprog, som blei skriven mellom 1910 og 1950, har til samanlikning 225 000 ord. Sidan den gongen er det kome fire supplementsband.

Svenskane har halde p? med Svenska Akademiens Ordbok sidan 1870-talet. N?r den ordboka er klar i 2017, vil ho ha 450 000 ordartiklar.

Ordbokverket Oxford English Dictionary er fulldigitalisert, men ikkje gratis ? bruke.

Den norske ordboka er den einaste i heile verda som ogs? har med dialektar.

– Det gjer Norsk Ordbok einest?ande i europeisk samanheng, peikar ?se Wet?s p?.

Publisert 29. juli 2013 13:59 - Sist endret 7. nov. 2025 15:10