Nasjonalskatt g?r i oppl?ysing

Menneske har ein lei tendens til ? ?ydeleggje nettopp dei tinga vi helst vil ta vare p?. Osebergfunnet har f?tt lide for tidlegare konserveringsmetodar, og no renn tida ut for ? berge det som bergast kan.

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 9. jan. 2013

Den gongen verka det som ein god idé: D? dei vakre tregjenstandane i Osebergfunnet for vel hundre ?r sidan vart tekne opp av den vassmetta grunnen, vart dei lagde i ei varm, konsentrert alunoppl?ysing. Meininga var at alunsaltet skulle krystallisere n?r treet t?rka, og dermed st?tte opp om strukturen i treverket slik at gjenstandane ikkje ville krympe og sprekke opp.

Dessverre har metoden med tida synt seg ? ha ein stygg biverknad: Alunsaltet g?r inn i ein kjemisk reaksjon som gjer at treverket smuldrar opp innanfr?. I dag er fleire av dei utskorne vikingkunstverka fr? Osebergfunnet lite anna enn sagflis halden i hop av ei skinande overflate av lakk og olje, alunkrystallar og litt resterande treverk.

Arbeider p? spreng

Sj?lve Osebergskipet vart ikkje konservert p? denne m?ten, og er heldigvis i s? god stand som ein  kan vente av eit snart 1200 ?r gamalt skip. Men andre tregjenstandar fr? funnet, mellom anna sledane og vogna, er i til dels sv?rt d?rleg forfatning. No blir det arbeidd p? spreng for ? berge skattane for framtidige generasjonar. Men f?rst m? forskarane kome til botnen i dei kjemiske prosessane som er i ferd med ? ete opp Osebergskattane.

– Det er to ting som skjer: For det f?rste er alunsaltet ujamt fordelt i treverket, og det gjev mekaniske spenningar som kan f?re til at treet sprekk. Men det viktigaste er dei kjemiske prosessane. Treverket har sv?rt l?g pH. Vi trur at konserveringsprosessen f?rte til produksjon av svovelsyre, og at svovelsyra har verka p? treet i dei hundre ?ra som har g?tt, og ?ydelagt det, seier f?rsteamanuensis ved Konserveringsseksjonen p? Kulturhistorisk museum, Hartmut Kutzke.

I tillegg er metallnaglane og skruane som vart sette inn ved rekonstruksjonen, byrja ruste opp og spreie metallionar i treverket, og dei er dermed med p? ? forsterke forfallet. Helst vil forskarane b?de n?ytralisere syre?taket p? treverket og fjerne metallionane. Korleis det skal skje, er eit ope sp?rsm?l som blir vanskelegare av at ein ikkje heilt veit korleis alunsalt som har vore oppvarma, oppf?rer seg, eller korleis alle dei ulike materiala i gjenstandane reagerer p? kvarandre.

Utskjeringar skapar problem

SUPERMODERNE: - Det er fascinerande korleis vi kan kombinere gamle arkeologiske funn med supermoderne teknologi, seier Hartmut Kutzke. (Foto: Ola S?ther)

– I Danmark, der dei ogs? har mange gjenstandar som er konserverte med alun, har dei vaska ut alunsaltet med vatn og erstatta det med eit moderne konserveringsmiddel. Det kan vi ikkje gjere med mange av gjenstandane i Osebergfunnet, fordi dei er s? rikt utskorne. Pr?ver vi ? vaske ut alunsaltet, kan den tynne overflateskorpa sprekke og utskjeringane falle saman. Gjenstandane er dessutan sette saman av mange hundre fragment, og det kan vere for risikabelt ? ta dei fr? kvarandre. Vi er n?ydde til ? fylle treverket med noko anna, seier Kutzke.

Det store sp?rsm?let blir d?: Med kva? S? langt har ikkje Kutzke og kollegaene hans vore n?gde med produkta som er tilgjengelege p? marknaden. Difor er dei dristige nok til ? eksperimentere med nye materiale.

Vil etterape naturen

– Problemet er at det aller meste, inkludert plast, blir brote ned n?r det kjem i kontakt med oksygen. Det vi vil, er ? finne eit materiale som kan brytast ned utan at gjenstandane blir umoglege ? konservere p? nytt, anten med den same metoden eller med andre metodar som kan ha blitt oppdaga i mellomtida, seier Mikkel Christensen, som er kjemikar og har arbeidet med denne problemstillinga i doktorgradsprosjektet sitt.

Det ideelle ville vere ? l?re av sj?lve treverket: Kan ein lage eit stoff som liknar p? tre, oppf?rer seg som tre og fungerer godt i lag med anna tre? Christensen har pr?vd ut ulike idéar, og meiner det kan vere mogleg ? f? til, men det avheng av at hans del av forskinga blir vidaref?rt n?r stipendperioden hans no snart g?r ut. Merkeleg nok har det synt seg vanskeleg ? finne finansiering til forskinga. Sidan prosjektet blandar b?de arkeologi, kulturhistorie, kjemi, materialvitskap og andre fag, passar det ikkje heilt inn i noko av dei tematiske programma hj? til d?mes Forskingsr?det, og f?r dermed ikkje pengar gjennom dei vanlege kanalane.

Gamalt tre og moderne teknikk

– D? vi starta med prosjektet, visste vi mindre enn ingenting, ettersom alunkoservering ikkje har vore brukt sidan 50-talet. No har vi ein mykje betre idé om kva som kan vere lurt og ikkje lurt, seier konservator Susan Braovac. Med hjelp av ein bakgrunn i biokjemi har ho gjort ulike analysar og teke avbildingar av Osebergtreverket for ? pr?ve ? kartleggje nedbrytingsprosessen som skjer.

– Vi har heldigvis eit godt nettverk og kan bruke eit stort spekter av metodar, fr? det enkle til det sv?rt avanserte. Eg tykkjer det er fascinerande ? tenkje p? korleis dette prosjektet kombinerer gamle arkeologiske funn med supermoderne teknologi, seier Kutzke, som sj?lv er kjemikar.

Konserveringa m? ogs? ta omsyn til autentisiteten til gjenstandane. Det ville vere enkelt ? skanne overflata, lage ein plastkopi og stille han ut for ? vise korleis vikingkunstverk kunne sj? ut, men det er ikkje det same som ? sj? den ekte gjenstanden.

– Dessutan er det s? mange ting vi ikkje veit om desse skattane. Lagar vi ein kopi som berre viser korleis dei ser ut p? oveflata, kan ein ikkje finne ut korleis dei faktisk var konstruerte og sette i hop. Det finst alltid nye m?tar ? sj? p? ein gjenstand, og det er vel grunnen til at vi tek vare p? dei i utgangspunktet, seier Braovac.

Publisert 9. jan. 2013 15:17 - Sist endret 7. nov. 2025 15:10