– Kva slags spr?kleg fenomen er Halden-l?
– Det kjem kanskje som ei overrasking, men den s?kalla Halden-l-en er ein heilt vanleg l-lyd som alle norsktalande brukar. Held vi oss til S?raustlandet, s? er det spesielle med dialektane i s?re ?stfold at dei berre har éin l-lyd, medan resten av S?raustlandet har to forskjellige l-lydar, fortel professor Rolf Theil ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar.
Forklaringa er denne: I Oslo har dei fleste ulik l-lyd i til d?mes /farlig/ og /salig/, slik at dei to orda ikkje rimar. Dei to orda kan skrivast med lydskrift p? denne m?ten: /farlig/ [fa:Li], /salig/ [sa:li].
Den lyden som er skriven med [L], blir uttala ved at vi set tungespissen mot gommen (rett bak fortennene) i overmunnen, medan den som er skriven [l], blir uttala ved at vi set tungebladet (omr?det opp? tunga rett bak tungespissen) mot gommen i overmunnen.
P? m?lf?ra i s?re ?stfold rimar /farlig/ og /salig/, og dei blir uttala slik: /farlig/ [fa:Li], /salig/ [sa:Li].
– Med andre ord: ?stfoldingane brukar tungespiss-l – alts? [L] – i begge orda. Det er n?r dei brukar [L] i ord der oslofolk brukar tungeblad-l – alts? [l] – at det heiter seg at dei har ein s?rskild l-lyd! Det m? ogs? nemnast at i mange andre m?lf?re p? S?raustlandet, mellom anna i min eigen uttale fr? Porsgrunn, rimar /farlig/ og /salig/, men ved at tungeblad-l blir brukt i begge orda: /farlig/ [fa:li], /salig/ [sa:li]. ”Det er [fa:li], det!, som Ludvig hos Kjell Aukrust seier”, forklarar Theil.
Betre for rimsmedar
– Kor i Noreg nyttast tungespiss-l i alle ord av vaksne spr?kbrukarar?
– P? Austlandet gjeld dette framleis berre i s?re ?stfold. I Oslo, til d?mes, held skiljet mellom [L] og [l] seg framleis mellom vaksne, men faktisk i sv?rt f? samanhengar. Eg skal g? litt i detalj her: For eit par hundre ?r sidan blei tungespiss-lyden [L] berre nytta der skriftspr?ket har /rl/, medan tungeblad-lyden [l] blei nytta der skriftspr?ket har /l/, sier Theil, og viser til ei liste over ordpar som d? ikkje rima:
/farlig /[fa:Li], /salig /[sa:li]
/v?rlig/ [v?:Li], /sm?lig /[sm?:li]
/sirlig /[si:Li], /tidlig /[ti:li]
/syrlig/ [sy:Li], /nylig/ [ny:li]
/storlig /[sto:Li], /rolig /[ro:li]
/r?rlig/ [s?:Li], /r?dlig/ [r?:li]
– Men skiljet mellom desse to spr?klydane er i ferd med ? bli borte, og i dag skil dei fleste oslofolk berre mellom [L] og [l] etter vokalane a og ?. I alle andre samanhengar brukar dei berre [L], hald professoren fram og peiker p? at det har oppst?tt fleire nye rim-par:
/farlig /[fa:Li], /salig /[sa:li]
/v?rlig/ [v?:Li], /sm?lig /[sm?:li]
/sirlig /[si:Li], /tidlig /[ti:Li]
/syrlig/ [sy:Li], /nylig/ [ny:Li]
/storlig /[sto:Li], /rolig /[ro:Li]
/r?rlig/ [s?:Li], /r?dlig/ [r?:Li]
I s?re ?stfold, derimot, har dei teke steget heilt ut og kvitta seg med [l]. Resultatet er at ?stfoldske poetar har eit mykje st?rre repertoar av rim-par enn kollegaer andre stader p? Austlandet:
/farlig /[fa:Li], /salig /[sa:Li]
/v?rlig/ [v?:Li], /sm?lig /[sm?:Li]
/sirlig /[si:Li], /tidlig /[ti:Li]
/syrlig/ [sy:Li], /nylig/ [ny:Li]
/storlig /[sto:Li], /rolig /[ro:Li]
/r?rlig/ [s?:Li], /r?dlig/ [r?:Li]
P? frammarsj
Halden-l er ein tungespiss-l nytta i ord der oslofolk har tungeblad-l. I dette perspektivet har /sm?lig/ [sm?:Li] og /salig/ [sa:Li] begge Halden-l, medan dei andre orda i lista ovanfor ikkje har det, end? alle har same l-en, og det er berre /sm?lig/ og /salig/ som ikkje blir uttala likt i Oslo og Halden.
– Den utviklinga som har skjedd i s?re ?stfold, har ogs? r?ka store delar av Nord-Noreg, og utviklinga har g?tt gjennom akkurat dei same stadia. Til d?mes h?yrer ein dette tydeleg hos Troms?-folk som er nokre og tretti ?r eller yngre. Tilh?va p? S?rlandet og Vestlandet er s? forskjellige at vi ikkje skal blande dei inn her, sier Theil.
– Kva slags geografiske og generasjonsmessige endringar ser du n?r det gjeld Halden-l?
– Bortfallet av [l] til fordel for [L] liknar sj?lvsagt p? bortfallet av kj-lyden til fordel for sj-lyden. Begge delar oppst?r hos yngre folk, og var lenge prim?rt assosiert med barnespr?k, men br?tt – av ukjende ?rsaker – varar uttalen ved inntil vaksen alder. Sm? born over heile Austlandet l?rer fyrst [L] og brukar han i alle ord, og fyrst seinare kjem [l] inn. Men det ville ikkje vere s?rskilt overraskande om vi snart s?g same utviklinga i Oslo som i Troms? og fleire andre nordnorske byar og tettstader. Eg trur tungeblad-lyden [l] blir meir og meir perifer i Nord-Noreg, i Tr?ndelag og p? Austlandet, og at han etter kvart blir borte, sp?r spr?kforskaren.
Ikkje noko problem
– Skal foreldra rette p? born som ikkje ”veks” tungespiss-l-en av seg?
– Nei, det synest eg absolutt ikkje dei har nokon grunn til. Vaksne folk som synest det er greitt at /r?rlig/ og /r?dlig/ blir uttala likt, burde ikkje bry seg med at borna deira lèt /salig/ rime med /farlig/! Det er ikkje noko problem at spr?ket endrar seg. Det har det alltid gjort, og det vil det alltid gjere. Det er berre daude spr?k som latin som ikkje endrar seg, seier Theil.
Han legg til at n?r det i Oslo finst det to l-ar og i Halden berre éin, s? held han s?kalla "tjukk l" utanfor diskusjonen, for spr?kforskarane reknar ikkje "tjukk l" som nokon l-lyd i det heile, men heller som ein r-lyd! Men det er ei anna historie!