Olle T?rnquist er langsint. I 1994 opplevde han at hans indonesiske kollega, Arief Budiman, vart kasta ut av universitetet sitt p? Java. Saman med nokre kollegaer hadde Budiman bygt opp eit uavhengig studie- og forskingsmilj?, men det blei ikkje tolt av Suharto-regimet. Budiman og medarbeidarane hans miste jobben. Dette vart starten p? ein serie forskingsprosjekt som har som m?l ? styrkje demokratir?rsla i Indonesia og som har halde p? sidan 1995.
– Eg held framleis p? med ? ta igjen for at dei ?ydela det progressive akademiske milj?et, fortel T?rnquist, som er professor ved Institutt for statsvitskap p? Universitetet i Oslo.
I haust var han tilbake i Indonesia for ? hjelpe til med ? fullf?re ei stor intervjuunders?king mellom fleire hundre demokratiaktivistar.
Uavhengig milj?
Den svenske akademikaren har arbeidt i og med Indonesia sidan 1970-talet. Men d? regimet slo ned p? uavhengige akademikarar, gravande journalistar og andre demokratiforkjemparar i 1994, gjekk engasjementet hans inn i ein ny fase. T?rnquist blei med p? ? utvikle eit frittst?ande milj? av forskarar, studentar og journalistar som jobbar for st?rre politisk fridom. Dette milj?et har i dag mellom anna ei uavhengig journalistutdanning og opererer den st?rste uavhengige radiostasjonen i Indonesia.
– Hendingane i 1994 f?rte for f?rste gong til at ein intellektuell middelklasse stod fram og kjempa for eigne interesser. Men demokratir?rsla var og er sv?rt fragmentert. Det er stor naivitet rundt sp?rsm?let om demokrati, og haldninga synest ? vere at ”berre vi f?r sivilsamfunnet p? fote, vil demokratiet komme av seg sj?lv”. S? enkelt er det ikkje. Vi m? byggje demokratiet og endre maktforholda, konstaterer T?rnquist.
Og det er her samfunnsforskinga if?lgje T?rnquist kan spele ei viktig rolle: Ved ? studere f?resetnadene for demokratiutvikling og systematisk unders?kje demokratir?rsla sine problem, meiner han at demokratiforkjemparane vil bli betre i stand til ? forst? sin situasjon og handle politisk.
– Vi driv empirisk samfunnsforsking, men m?let v?rt er utan tvil normativt: Vi vil bidra til ei demokratisering i Indonesia. Og vi ?nskjer at dei modellane og metodane vi utviklar, ogs? kan nyttast i andre utviklingsland, seier T?rnquist, som leier ei forskingsgruppe i Indonesia.
Politisk tomrom
– Mitt bidrag er at eg har kompetanse i komparative studiar og kan samanlikne med tilh?va i andre land. I tillegg kjem eg med innspel n?r det gjeld teori og metodar, men sj?lve unders?kingane vert gjennomf?rte av lokale forskarar, fortel han.
D? Suharto-regimet miste kontrollen og diktatoren blei kasta i 1998, opna det seg eit st?rre politisk handlingsrom i Indonesia. Men T?rnquist meiner det var f? gode alternativ til ? fylle dette tomrommet.
– Indonesia manglar viktige f?resetnader for demokratisering. Partisystemet fungerer ikkje, det finst ikkje politiske masser?rsler, og rettssystemet er gjennomkorrupt. Berre for ? nemne noko. Likevel finst det eit rom for politisk aksjon og diskusjon som vi ?nskjer ? sj? n?rare p?, seier T?rnquist.
Det er eit hovudproblem at demokratir?rsla er d?rleg koordinert og fragmentert. Difor har T?rnquist og hans kollegaer gjort fleire case-studiar av ulike r?rsler, til d?mes bondelag, forskjellige ”watchdog”-organisasjonar og kvinner?rsler. Boka ”The post-Suharto democracy movement” kom i haust.
Ut i provinsane
– No vil vi g? vidare. Eit stort problem er at folk flest ikkje f?ler at demokrati kan hjelpe dei til ? betre livssituasjonen. D? kan vi som forskarar g? inn og studere konkret kva for institusjonar som ikkje fungerer og p? kva slags m?tar dei sviktar. Kor godt forankra er demokratiske institusjonar i Indonesia? Korleis bruker folk desse institusjonane? Svar p? slike sp?rsm?l gir oss betre innsikt i f?resetnadene for demokratisering, fortel T?rnquist.
Han og forskargruppa har f?tt st?tte fr? det norske utanriksdepartementet /NORAD, svenske SIDA, Ford Foundation og Soros Foundation til ? gjennomf?re ei st?rre intervjuunders?king blant over 500 demokratiforkjemparar over heile Indonesia.
– Dette er ein pilotstudie der vi vil snakke med sentrale personar p? lokalplanet i nesten alle landets provinsar. Ved ? kartleggje korleis desse menneska opplever situasjonen f?r vi truleg eit meir detaljert bilete av kvar problema ligg. Det er langt betre enn ? snakke med FN-tilsette p? luftkondisjonerte kontor i Jakarta, seier T?rnquist, og legg til at det er f?rste gong nokon pr?ver denne framgangsm?ten.
Han ser ikkje noko problem i at forskinga er s? sterkt knytt til politisk aktivisme.
– Sj?lve studiane er empiriske, kritiske og utan slagside. Eg har enno ikkje opplevt kollegaer som har kritisert det vitskaplege aspektet ved arbeidet v?rt. Men m?let v?rt er klart: ? styrkje demokratiforkjemparane si sak, seier han.
T?rnquist fortel at situasjonen i Indonesia er sv?rt kompleks. Det finst mange maktinstansar som konkurrerer om kontroll, men det er framleis eit rom for demokratisk opposisjon.
– Det er uhyre viktig at dette rommet vert halde ved lag for ? kunne endre maktforholda. Krigen mot terror trekkjer dessverre i ei anna retning. Milit?ret st?r sterkt og har styrkt sin posisjon som f?lgje av terrorkampen. I s? m?te st?r Bush og Vesten dei antidemokratiske kreftene i Indonesia, seier han.
Og i april 2004 er det val p? nasjonalforsamling.
Fakta
Indonesia er eit arkipel med rundt 13 000 ?yar. Landet har om lag 235 millionar innbyggjarar og er den stat i verda som har st?rst muslimsk folkesetnad. Det er ogs? verdas tredje st?rste demokrati. Landet blei uavhengig fr? Nederland i 1949. Landets f?rste president, Sukarno, miste makta i 1965 til general Suharto. Suharto styrde Indonesia med hard hand til han vart kasta i 1998 etter ?konomisk samanbrot og omfattande uro. Sukarnos dotter, Megawati Sukarnoputri, er no president i landet.