Men kor mange var dei? Forskarane har leita i folketeljinga fr? 1801 etter namn som kling av utland. – Innvandringa til Noreg fr? midt p? 1500-talet til 1800 var prega av s?kalla ekspertinnvandring. Landet hadde store naturrikdomar som fisk, skog og metallar, men d?rleg med fagfolk. Heilt sidan mellomalderen hadde t?rrfisk vore ei etterspurd vare ute i Europa. Og fisken hadde nok f?tt ein og annan s?reuropear til ? trakka opp vegen nordover til Noreg. No trengtes meir fagleg ekspertise, kapital og kontaktar for ? gjere pengar av fisken, skogen og metalla, seier professor i historie, S?lvi Sogner.
Kongen og hans r?dgjevarar vende seg mot Europa med det m?l for auga ? knytte til seg folk med dei rette kvalifikasjonane. For innanfor ei rekkje verksemder mangla nemleg landet fagleg tradisjon, som til d?mes bergverk, glasverk og saltverk.
– Me har kunna p?visa at den dansk-norske staten gjekk aktivt inn for ? rekruttera utanlandske ekspertar til dei norske bergverkene, fortel ho. Etterkvart fekk innvandringa eit meir ”friviljug” preg, parallelt med den meir medvitne rekrutteringa. Det gjaldt ikkje minst ein rekkje utanlandske kj?pmenn og skipparar som henta varer i norske hamnar. Mange av dei valte ? sl? seg ned i Noreg for ? halda fram med utanrikshandelen herifr?. Staten sine embetsmenn og tenestemenn vart óg rekrutterte. I dei mest sentrale stillingane sat som oftast danskar, medan nordmenn sat i dei ?vrige.
Eit ope samfunn
– P? 1600- og 1700-talet var ein ganske open for ? taka imot innvandrarar og lata dei bli ein del av det norske samfunnslivet. Det hang truleg saman med medvitet om kor avhengig landet var av forsyningar utanfr?. Det fanst mykje positiv forventing til dei som kom, p?peikar Sogner. Men kor mange av dei blei verande i Noreg for godt? – Me har s?kt svar p? dette sp?rsm?let i folketeljinga i 1801. Dette er ein kjelde som inneheld sv?rt mykje. For kvar einskild husstand f?r me vita namn p? medlemane, kj?nn, alder, yrke og sivilstand. I alt inneheld folketeljinga opplysningar om 883 603 personar. Men me f?r ikkje vita kor dei er f?dd, seier ho. Korleis kan forskarane d? auka si kunnskap om innvandringa til Noreg i perioden?
– Det er ikkje f?rt statistikk over kven som kom til Noreg i denne perioden som me kallar tidleg moderne tid. Men det er ganske openbart at det kan ha vore mange menneske. Me byrja med ? sj? p? familienamna som var oppf?rte i folketeljinga. I Noreg hadde ein ikkje faste familienamn p? denne tida. Namneskikken her til lands var derimot grunna p? personnamn og patronymikon: Per Knutsen hadde borna Ola Persen og Kari Persdatter. Det var ikkje f?r i 1923 at det vart p?bode ? ha faste, arvelege familie- eller slektsnamn. I mange andre land, derimot, hadde det vore vanleg med familienamn heilt attende til mellomalderen, fyrst blant adelen og seinare blant folk flest.
To prosent innvandrarar
– Me fann ut at det var til stor hjelp ? sj? p? reglane for korleis namn vert danna i ulike land. Difor gjekk me i gang med ? sortera namn p? forstaving og etterstaving, fortel Sogner. I unders?kinga vert ikkje-norske familienamn oppfatta som "mark?rnamn" for mogeleg innvandrarstatus. Forskarane har arbeidd ut fr? hypotesen om at dersom ein held patronymane utanfor, og st?r att med familienamna, s? vil dette gjeva ei tiln?rma oversikt over ikkje-opprinnelege norske innbyggjarar.
– Det er mange skj?r i sj?en med denne metoden. Til d?mes vert det i v?re granneland óg nytta patronymikon. Ved ? halda dei utanfor, mistar me truleg nokre innvandrarar derifr?. Men unders?kinga gjev oss likevel ein slags temperaturm?lar, seier ho.
– Me har telt alle dei utanlandske mark?rnamna, og me enda opp med 6823 ulike namn, som Aderup, Blanche, Blix, Bugge, Chrantz, Fabricius, Flueg, Gamtz, Hagerup, Leonard, Lochert, Norman, Rasch, Sch?n og Wessel. I alt 20 000 personar bar desse namna. Dette tydar p? at andelen menneske med utanlandsk opprinning utgjorde kanskje om lag to prosent av Noregs folk i 1801.
– I byane finn me s?rleg mange med familienamn. Det tyder, ikkje overraskande, p? at mykje av innvandringa til Noreg gjekk til byane, til kystomr?de og til Nord-Noreg. Dei som ber utenlandske namn, utgjer fr? 5 til 25 prosent av befolkninga i Kristiania, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Drammen, T?nsberg, Skien, Porsgrunn, Krager? og Larvik.
Stas med tysk namn
Av dei utanlandske familienamna var det flest tyske og tyskklingande. Desse namna har kome fr? det tysktalande omr?det, men mange óg via Danmark eller hertugd?mma. Mange tyskarar var henta inn av kongen som ekspertar til dei norske bergverka. Dei kom til ? tilh?yra dei ?vste lag av befolkninga. Det tyske riket var velst?ande og kulturelt f?rande i Europa p? denne tida. – Det ? ha eit tysk namn, syntes nordmenn flest h?yrdes flott ut. Min bestefar het Pedersen. Han s?kte om ? f? bruke namnet Schulz. Det fekk han, fortel Sogner.
Innvandrarane kom óg fr? Holland, England, Frankrike, Sverige og Finland. – Dei som har f?rd namn inn i skattelister og kyrkjeb?ker har gjerne likt ? svinga litt med blyanten. Unorske bokstavar som c, w, x og z blei gjerne f?rt inn i gardsnamn som seinare blei eit familienamn. Det var ein m?te ? skilja seg ut p? - og ein har teke vare p? denne fine stavem?ten.
Ho visar til at sj?l om eit namn kan ha hatt framand klang, s? kan b?raren av namnet hatt norsk identitet, eller f?tt det med tida. Kanskje kjende ikkje f?rstegenerasjonsinnvandraren seg heilt ut norsk, men etterkomarane gjorde det.
– Eidsvollsmennene i 1814 bar familienamn som viste innflytting - Falsen, Christie, Sibbern, Sverdrup. For mange av dei hadde innflyttinga til Noreg g?tt f?re seg b?de ein og feire ?ttledd tidlegare. Desse ”innvandrarane” var s? norske som nokon i 1814. ? vera norsk var likt med ? h?yra til ein plass i landet og ? f?le at landet var ditt.