Forskingsformidling: Moden for museum

Kunnskap er makt. Men kva hjelper det ? vite om ein ikkje forst?r? ? formidle forsking skal ikkje berre handle om faktakunnskap, men òg gi ei forst?ing som folk kan ta med seg. Kva den enkelte borgar skal meine om til d?mes gasskraft og genmodifiserte matvarer eller radioaktivitet langs norskekysten, er avhengig av den forskingsformidlinga dei f?r.

OPPDAGINGSFERD: Barn lagar silketr?dar under utstillinga "Det g?tefulle Kina" p? Universitetets naturhistoriske museum og Botaniske hage p? T?yen. Foto: St?le Skogstad (?)

Av Norhild Midtb?
Publisert 1. feb. 2012

Forskingsformidling skal betre folks kunnskapar i blant anna naturvitskap. Det er sv?rt viktig for ei demokratisk deltaking. Musea kan bidra til ? auke denne kunnskapen. Musea her i landet er plassar der ny og viktig kunnskap kan verte sett i eit st?rre perspektiv, der kunnskap kan formidlast p? ein betre m?te - i alle h?ve skal vi tru r?dgjevar Merethe Fr?yland i Norsk Museumsutvikling og Ellen Karoline Henriksen, f?rstelektor ved Fysisk institutt, UiO. Dei to har i sine doktoravhandlingar sett p? korleis nettopp musea kan vere med p? ? auke folks kunnskapar p? det naturvitskaplege omr?det. Forsking p? formidling er blitt eit eige fagfelt, og Henriksen og Fr?yland er ein del av forskingsmilj?et.

Med bakgrunn i faga fysikk og geologi veit dei at det til tider kan vere vanskeleg ? formidle naturvitskap. Difor meiner dei at forsking p? formidling trengst.

– Det finst ikkje eit fasitsvar p? kva god formidling er, men vi meiner det er viktig at det ligg ein tanke bak all formidling, at ein kjenner sitt publikum og er bevisst p? kva slags formidlingsmetode ein vel. Vi meiner òg det skal vere variasjon i formidlingsmetodane, seier Henriksen og Fr?yland.

Fleire intelligensar

Det g?r an ? presentere viktig kunnskap p? mange forskjellige vis, ? vinkle innhaldet slik at det vert tilpassa mottakarens interesser og kanskje p? ein morosam m?te. Eit av m?la b?r vere ? halde vitelysta og interessa for ? l?re ved like.

Merethe Fr?yland er opptatt av ? ta i bruk fleire og alternative tiln?rmingsm?tar og ulike teoriar i formidling. Ho viser til den amerikanske psykologen Howard Gardners teori om at mennesket har fleire intelligensar. Ein intelligens er definert som eit medf?dt biopsykologisk potensial som vert aktivert og utviklar seg i ein kulturell samanheng.

Gardner deler intelligensane inn i ?tte typar: spr?k, logisk-matematisk, visuell-romleg, musikalsk, kroppsleg, naturalistisk, interpersonleg (sosial) og intrapersonleg (sj?lvinnsikt).

– Gardner hevdar ogs? at menneske ikkje har forst?tt f?r ein kan bruke kunnskapen i ein ny situasjon, og akkurat det kan vi godt ta l?rdom av, seier Fr?yland.

Ho og Henriksen hevdar at dei gamaldagse oppfatningane om at det er eit slit ? l?re, ogs? bidreg til at folk ikkje vil l?re.

Senter for kunnskap

Dei to meiner det er her musea kan spele ei rolle.

– Ved dei naturhistoriske musea vil vi s?rleg framheve ”science centre” – ”vitensenter” p? norsk. Dette er stader der barn og vaksne kan m?te naturvitskapen i ein atmosf?re av leik og l?ring. Ved ? eksperimentere, diskutere med kvarandre eller museumstilsette, delta i ekskursjonar, debattar eller dramaframsyningar, kan publikum n?rme seg vitskapen p? eigne premissar. Pedagogikken i sentra legg òg vekt p? at publikum skal ta i bruk fleire sansar og fleire evner, og den byggjer p? at l?ring kan vere moro. I Noreg har no fleire museum latt seg inspirere av vitensenterpedagogikken n?r dei utviklar og fornyar tilbodet sitt til publikum.

For ? n? fram med ein bodskap meiner Henriksen og Fr?yland at forskarar kan l?re av journalistar.

– Vi m? v?ge ? ta bort informasjon eller nokre historier for at bodskapen kan gjerast enklare. Ved ? innbille oss at alle vil motta og oppfatte informasjon p? same m?te, selekterer vi folk og dermed s?rgjer vi for at mange ikkje vil oppfatte bodskapen. Det er i alle fall i strid med den demokratiske tanken om at kunnskap skal vere tilgjengeleg for alle. Det seier seg dessutan sj?lv at ikkje alle, faktisk dei f?rraste, kan lese ei stor vitskapleg avhandling. Samstundes kan denne avhandlinga innehalde mykje ny og viktig kunnskap som omverda har krav p? ? f? vite noko om.

Redd for ? verke useri?s

Dei to meiner akademikarar er for redde for ? forenkle ting, dei er redde for ryktet sitt.

– Dei har god grunn til det. Ein del forskarar har lett for ? kritisere detaljar n?r kollegaer g?r ut i det offentlege med ei forenkla framstilling av forskinga. I staden skulle dei ha st?tta kvarandre. For ? oppmuntre forskarar til ? prioritere formidling, burde evna til formidling vere eit kriterium ved tilsetjingar og ved vurderingar av den enkelte forskar sitt arbeid.

Fr?yland og Henriksen meiner det ligg ei plikt til formidling i all forsking.

– Tradisjonelt skal vitskap basere seg p? n?ytralitet, men forsking kan aldri vere heilt objektiv. Forsking er ogs? person- og kulturavhengig. Teoriar og hypotesar vert skapte hos menneske, og dette er sider ved forskinga som gjerne kunne kome klarare fram i formidlinga.

Kvifor museum

For ? sj? n?rare p? korleis musea kan vere med p? ? auke folks vitskaplege utdanning, har Fr?yland og Henriksen gjort ei unders?king av folks haldningar til museum. Det viste seg at dei fleste s?g p? musea som gamaldagse og st?vete institusjonar med liten relevans til dagleglivets problem og v?r eiga tid. Dessutan meinte dei fleste at musea f?rst og fremst var viktige for barn.

– Skal musea kunne gjere ein innsats for den allmennvitskaplege utdanninga, m? desse haldningane endre seg. Musea m? vise at dei kan ta tak i dagsaktuelle problemstillingar og formidle ny kunnskap slik at b?de barn og vaksne finn noko som er relevant for dei i deira eigne liv. Ved ? ta tak i kontroversielle tema og ta i bruk nye formidlingsmetodar, kan musea vinne eit st?rre publikum og f? ei langt meir aktiv rolle i samfunnet enn den dei har i dag. Vitensenterpedagogikken og teorien om multiple intelligensar er to av ei rekke reiskapar musea kan bruke for ? n? fram til publikum i ulike aldrar, med ulike forutsetningar og l?ringsstilar. I dei 800 musa her i landet er det kvart ?r ni millionar bes?k, inklusiv turistar. Dette utgjer eit stort potensial for interessante vekselverknader mellom vitskap og omverda, meiner Merethe Fr?yland og Ellen Karoline Henriksen.

Emneord: Samfunnsvitenskap, Pedagogiske fag, Psykologi
Publisert 1. feb. 2012 12:08 - Sist endret 7. nov. 2025 15:09