Arne Garborg og universitetet

Av Gudleiv B?
Publisert 1. feb. 2012

STUDENTEN GARBORG:
Studentbilde av Arne Garborg fra 1875. Om dette bildet skrev Garborg: ”NB! Jeg ?nsker at dette Portr?t skal henges op i Storstuen ved siden af det gamle, - til Opbyggelse for alle dem, der hidtil har havt saa meget at sige om den Vei jeg har valgt.” Foto: Privat (?)

Som 22-?ring kom Arne Garborg til Kristiania for ? ”studere eller d?”. Det tok ikkje lang tid f?r han mista tiltrua til universitetet.

I ?r er det 157 ?r sidan Arne Garborg blei f?dd. Professor Gudleiv B? ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitetet i Oslo, skriv her om Garborgs forhold til universitetet.

Full av h?n omtalar Arne Garborg universitetet v?rt som "et seminarium" d? han kjem attende fr? Tyskland v?ren 1890. Ikkje har det f?relesingar over moderne filosofi og ikkje eit einaste professorat i europeisk litteratur. Og er det noen som trugar med at han vil reise ut og studere moderne europeisk ?ndsliv, s? f?r han ikkje stipend.

I det heile hadde han s? m?teleg med tiltru til universitetet. Rett nok fortel han i eit langt sj?lvbiografisk brev til Gerhard Gran fr? 1896 at han som 22-?ring drog med fem spesiedalar i lomma til Kristiania for ? "studere eller d?". S? lenge han ikkje kjende det ved sj?lvsyn, var det alts? enno attraktivt. F?rste post p? programmet var d? sj?lvsagt ? ta artium, som ein den gongen gjorde ved universitetet. Og han las ved Heltbergs "studentfabrikk" for ? klare dét. Men d? han i 1875, etter ? ha lese "som rasende" i halvtanna ?r, tok eksamen med "pr? ceteris", "sank min Agtelse for den akademiske Dannelse dybt. Naar jeg kunde faa pr?cet. - !"

Bondestudent

Studietida ved Kongelig Frederiks har alts? vore fr? 1873 og frametter. Og truleg f?r vi eit godt bilde av korleis han opplevde studenttilv?ret og universitetet i romanen Bondestudentar fr? 1883 - alts? ti ?r seinare, og d? med eit ironisk sl?r over det heile. I brevet til Gran seier han at han har "for en stor Del harcelleret mig selv i 'Bondestudentar'". Men han har "harcelleret" mange andre òg, ja, heile studentmilj?et. Ein sentral konflikt i denne romanen er motsetnaden mellom bondestudentane og embetsmannss?nene, og vi f?r f?lgje tallause d?me p? konfrontasjonar mellom desse gruppene p? kaféar, p? hyblar, i eit vaskeekte teaterslag osb.

Dessutan f?r vi vere med p? ein russefest, der hovudtalen blir halden av "professor Darre" - ein kl?r karikatur p? Marcus Jacob Monrad, filosofiprofessor, hegelianar og ei dominerande kraft i Kollegiet den gongen - p? den konservative sida.

P? talarstolen stod det ein ny mann, ein gamall, fredeleg herre ? sj? til, med gr?kvite h?rduskar uppyvi ein halvsnaud skolt, og med eit par underlege horngluggar til augo. (...) Og professoren skaut nakken fram og glodde ut i lufti med hornlyktom sine, liksom han ?ygna eitkvart der langt uppe og ute, som andre ikkje s?g.

Det professoren s?g "der langt uppe og ute", var kva ?ndsliv retteleg var og burde vere:

(...) i kvardagslivet var mannen sundbytt og sundskift i dei tusund sm?form?l, so han aldri i fred fekk samle seg i det ideale (...) her, i ?ndsheimen, n?dde ikkje dei villande r?ystir inn (...) her skulde ein, menneskjeleg tala, sj? Gud som han var, tala med ?ndi andlit til andlit.

Studentane viser berre m?teleg interesse for denne delen av f?redraget. Men likevel endar det med at dei grip fatt i professoren og ber han p? gullstol. Dét er nok fordi han avsluttar med ? ?tvare dei mot ? lesa for trottugt dei f?rste ?ra av studiet:

I dei fyrste ?ri skulde dei taka det i mak (Bravo! Bravo!) og leggje meir lag p? ? lìva eit frist og idealt studentarliv - eit ungdomsliv i ljoset fr? dei ?vuge ideal - enn p? ? lesa l?rde b?ker (...) njote sin ungdom skulde dei, men njote som studentar, som ?ndsvigde sveinar i ideens presteskap, som cives academici.

Som kjent svarar denne talen s? noenlunde til den negative tematiske polen i romanen. Det er fordi denne talen etter alt ? d?mme er meint ? presentere oss for sj?lvforst?inga til embetsstanden, der - if?lgje Garborg - vanv?rnad for praktisk arbeid og for den ?konomiske og materielle r?yndommen i det heile var eit sterkt innslag. Men nett slike haldninger svarar, som vi hugsar, til sj?lve livsdraumen for hovudpersonen - Daniel Braut.

Ein annan Garborg

Men dei har neppe vore heilt framande tankar for student Garborg heller - alts? i byrjinga p? 1870-talet. For tidleg p? 70-talet var det ein annan Arne Garborg som stod fram som br?mogen skribent og debattant enn den Garborg ettertida kjenner. For det f?rste skreiv han berre p? norsk-dansk heilt fram til 1877. Og dessutan blir han p? tidleg 70-tal f?rst og fremst kjend som genial konservativ i det som var sj?lve hovudsp?rsm?let for 70-tals-intelligensiaen: konflikten mellom konservative kristne og/eller idealistiske synsm?tar p? den eine sida og positivisme og liberalisme p? den andre. I Kollegiet stod tradisjonen sterkt, med st?ttespelarar som teologane Gisle Johnson og C. P. Caspari og farmakologen E.F. Lochmann - i tillegg til Monrad.

Arne Garborg med studentvenn

HISTORISK:
Dette fotografiet av Arne Garborg som student er ikkje publisert tidligare. Fotografiet er teke hausten 1875, og Garborg nyt eit glas vin og ein sigar saman med Ole Johnsen (1852 - 1923). Foto: Privat (?)

Det er d? symptomatisk for kvar Arne Garborg stod i denne perioden, at han ein einaste gong har forsvart universitetet, og dét var d? Kollegiet i 1876 avslo ein s?knad om ? la Georg Brandes f? halde f?redrag der. Tankegangen i Garborgs forsvar for kollegievedtaket var at ein m? skilja mellom det som er vitskap og det som ikkje er vitskap. Han drar ikkje kompetansen til Brandes som vitskapsmann i tvil. Men moderne vitskap har vist, meiner Garborg, at dei religi?se sp?rsm?la ligg utanfor vitskapens omr?de; den som doserer vantru og ateisme, opptrer difor ikkje som vitskapsmann, men som "'agitator', som en mand, hvis personlige anskuelser dominere og dirigere det videnskabelige element i hans virksomhed s?ledes, at dette v?sentlig bliver middel og ikke m?l".

Men mot slutten av 70-talet arbeider Garborg seg meir og meir over i radikal lei. Bj?rnsons vidgjetne tale "Om at v?re i Sandhed" fr? hausten '77 blir viktig for Garborg, som for s? mange andre. Fr? no av stig d? den Garborg fram som dei fleste av oss kjenner. Det er ogs? p? denne tida at han tar til med ? skrive nynorsk og startar den nynorske avisa "Fedraheimen". Og det er karakteristisk for denne fasen av livet hans at denne avisa fr? f?rst av skulle byggje "paa national og kristelig Grund", men snart strauk han stille og roleg nemninga "kristeleg", -- og tingar-talet stupte!

Men s? kjem dei b?kene som er blitt st?ande for ettertida: Ein Fritenkjar 78, Bondestudentar 83, Mannfolk 86, Hj? ho mor og Kolbotnbrev 90, Tr?tte M?nd 91, Fred 92, Haugtussa 95, L?raren 96, Den burtkomne Faderen 99 og Knudaheibrev 1904.

Tuktar universitetet

Det blir s?rleg p? 80-talet at Garborg ved fleire h?ve g?r aktivt ut og tuktar universitetet. Eitt av dei mest omstridde politiske sp?rsm?la som universitetet var innblanda i, var vetostriden tidleg p? 80-talet. Her hadde H?gre-regjeringa bede Det juridiske fakultetet gi ei vurdering av om kongen skulle ha vetorett i grunnlovssaker. Dette var sj?lvsagt stikk i strid med oppfatninga i Venstre - og hos Garborg. S? han gir universitetsjuristane stryk i "Fedraheimen". Heile fr?segna ter seg som lovkrokar og prokuratorknep. Det er inga objektiv, vitskapleg utgreiing om vetoet, men eit juridisk stridsskrift for vetoet. Arbeidet fr? Det juridiske fakultetet er ikkje berre gagnlaust, men direkte skadeleg - fordi ein institusjon som skulle ha vore "ei heilag Sanningsmagt" her blir gjort til tenar for partipolitikken.

Eit anna omr?de der universitetet let seg lokke til ? tre fram som sakkunnig autoritet, er bohem-striden. Morgenbladet skriv 11/12 1887 at "Tugtl?sheden er st?rre end nogensinde"; dei viser m.a. til dei skandaleb?kene som nyss var komne - Hans J?gers Fra Kristiania-Bohêmen , Garborgs Mannfolk og Christian Krohgs Albertine , og konkluderer med f?lgjande appell: "Det akademiske Kollegium maa gribe ind mod den Fare for s?delig Forgiftelse og Forvildelse, som fra Bohêmernes Klike truer vor akademiske Ungdom." Og Det medisinske fakultetet let seg faktisk lokke utp?: Dei sende ut ei fr?segn om at dei ikkje kjende noko d?me p? at "s?delig Levned og sexuel Afholdenhed" skulle vera skadeleg for helsa.

Garborg reagerer sj?lvsagt. Han sp?r i Dagbladet 14/1 1888 om uttrykka "s?deligt Liv" og "sexuel Afholdenhed" skulle tyde det same, og om fakultetet bygger fr?segna si p? verkelege unders?kingar - om dei til d?mes har intervjua b?de kvinner og menn om seksuallivet deira - eller mangelen p? slikt. For dersom Fakultetet kunne svare ja p? desse sp?rsm?la, s? ville ein kunne sette opp to fundamentale satsar:

"1.) Da det er forholdsvis ligegyldigt for Individet, om dets Forplantningsdrift blir tilfredsstillet eller ej, maa Us?deligheden kunne stoppes ved Politiforanstaltninger. "

"2.) Da altsaa ?gteskabet bliver en Luxus, som man kan undv?re, saa maa den frygtelige sociale Fare, der opstaar ved Overbefolkning med deraf f?lgende Arbeidsl?shed og Elendighed, kunne fj?rnes eller v?sentlig forringes ved en Lov, der forbyder ?gteskab, undtagen i Tilf?lde hvor vedkommende kan deponere et Bel?b som Sikkerhed for B?rnenes ordentlige Opfostring og Fors?rgelse."

Dagen etter skriv han til Hulda: "Prestehumbug er vond, Doktorhumbug er ti ganger v?rre."

Bortsett fr? ?taka p? Det juridiske fakultetet i ’83 og dette siste p? Det medisinske fakultetet i ’87, legg ikkje Garborg seg ut med universitetet som institusjon. Men han er sj?lvsagt stadig ute og tergar einskilde professorar, som meir privat trer fram i den offentlege debatten. Mellom anna f?r teologen professor Petersen gjennomg? ved fleire h?ve. I 1887 hadde han f?tt prenta ein brosjyre med tittelen "?gteskab eller fri Kj?rlighed". Det er sj?lvsagt ein polemikk mot bohemen. Garborg g?r gjennom argumentasjonen med ei uforlikneleg blanding av streng logisk konsekvens og bitande ironi. Den samme blandinga finn vi i artikkelen "Petersen: Om Skabelsen etc." (Nyt Tidsskrift 1883). Her slaktar han Petersens freistnad p? ? forsone tradisjonell teologi og ny naturvitskap. I slike polemikkar blir likevel professoren meir representant for kyrkja enn for universitetet.

Professorvener

Men om han rauk opp i konflikt med somme professorar, har han sj?lvsagt ogs? hatt andre einskild-professorar som allierte og vener. Som rimeleg kan vere, hadde han mykje 澳门葡京手机版app下载 med til d?mes Marius H?gstad, som vart professor i "landsmaalet og dets dialekter" fr? 1899. Og han vart ein god ven av Moltke Moe, som vart professor i "norsk Folkesprog og norsk Folketradition" i 1885. Ved eitt h?ve gjorde han framlegg om ? stifte ein "Forening for Moltkes Beskyttelse". Den skulle ha til oppg?ve ? sile straumen av alle dei som vende seg til Moltke Moe for fagleg hjelp. Dei som Moe ville vere den beste til ? hjelpe, skulle visast bort; dei som berre Moltke Moe kunne hjelpe, skulle f? tilgjenge!

Vi ser alts? at Arne Garborg berre sporadisk var i n?rkontakt med universitetet. Arenaen hans var det offentlege rommet for debatt om allmenne verdiar, politikk og litteratur, og berre n?r universitetet eller representantar for universitetet markerte seg i den debatten, kunne dei r?ke ut for Garborg. Derimot var han oftare engasjert i Studentersamfundet sine ordskifte - som til d?mes den viktige debatten med Lorentz Dietrichson hausten 1882 om naturalismen.

Emneord: Spr?k og kultur, Historie, Moderne historie (etter 1800), Litteraturvitenskapelige fag, Nordisk litteratur
Publisert 1. feb. 2012 12:10 - Sist endret 7. nov. 2025 15:09