Overlege Lars Mehlum ved Kontoret for krisepsykiatri tok i v?r medisinsk doktorgrad ved Universitetet i Oslo. Temaet var ?rsakene til at unge tek sitt eige liv. Samstundes har han sett p? prosessar og motiv i samband med sj?lvmord, i lys av Vincent van Gogh sin kunst, livsl?p og sjukehistorie. Van Gogh skaut seg sj?lv d? han var 37 ?r gamal.
M?let med ? trekkje inn van Gogh var ? vise korleis vi kan forst? sj?lvmordet betre n?r vi byggjer bruer mellom ulike fag. ?rsakene til dei store sj?lvmordsproblema i dag er ? finne mange stader. For ? f? ei samla forst?ing er det viktig ? sj? b?de framover og bakover, og til andre fag, seier Mehlum.
Barndomen
Van Gogh hadde ein vanskeleg barndom og oppvekst. Seinare opplevde han tap av verdsetjing og manglande menneskeleg samkvem, i forhold til foreldra, vener og i kj?rleiksforhold.
Historia til van Gogh l?rer oss at vi ikkje m? bruke lettvinte l?ysingar i samband med sj?lvmord. Problema har ofte djupe r?ter tilbake til ungdom og barndom, ofte heilt attende i foreldra sine liv, seier Mehlum. Han viser til at halvparten av borna i Noreg i dag m? flytte f?r dei er 15 ?r, og ein tredel har opplevd skilsmisse f?r dei fyller 16 ?r. Mange opplever store tap og sakn i ung alder. I ein tidleg periode av kunstnarlivet ser vi tydeleg p? bileta at van Gogh var deprimert. Dei s?kalla ?potetspisebileta? var dystre. Seinare brukar van Gogh kunsten til ? reparere dei djupe indre smertene sine. Han pr?ver ? balansere tilv?ret ved ? gjere bileta stadig meir vakre, str?lande og avstemde. Den miserable fysiske r?yndomen vart balansert av den biletlege verda, seier Mehlum. Han hevdar at fargane p? paletten viste sinnsstemninga han var i.
Avskore ?yre
I den kjende konflikten mellom Paul Gauguin og van Gogh ser Mehlum eit typisk d?me p? korleis aggresjon, som i utgangspunktet er retta mot ein annan person, i staden vert retta mot han sj?lv.
Van Gogh ville opprette eit kunstnarkollektiv i Provence og ba Gauguin kome. Dei m?la saman i nokre f? veker, men s? skar det seg fullstendig. Van Gogh vart rasande og ville drepe Gauguin. Men han let seg stoppe, og skar i staden det eine ?yret av seg sj?lv. I tida etterp? gjorde han fleire fors?k p? ? ta sitt eige liv.
Sj?lvmordsfors?ka var ein m?te ? ta ut p? eigen kropp det han prim?rt hadde f?lt overfor ein annan.
Borderline-trekk
Mehlum trur at van Gogh si evne til ? halde inne sterke kjensler var redusert.
Denne evna til ? leve med intense kjensler som sorg og tap, vonbrot og svik ser vi stadig oftare manglar hj? dagens menneske. Familievald, gatevald og sj?lvmord har ofte si ?rsak i ei manglande evne til ? halde inne intense kjensler. Vi snakkar om alvorlege forstyrringar av personlegdomen, slik at dei ikkje kjem lenger enn den ten?ringsprega m?ten ? takle problem p?. I den alderen er det vanleg at ein ikkje klarer ? halde inne slike kjensler. Ei slik manglande utvikling av personlegdomen har mellom anna sin bakgrunn i mangelfulle strukturar i oppvekstforhold, og vert kalla borderlinetrekk. Dei som lir av dette, kjem ikkje opp p? eit niv? der dei kan takle problem utan ? ruse seg eller ta problema ut p? eigen kropp i form av sj?lvmordsfors?k, seier Mehlum.
Mehlum hevdar at van Gogh hadde klare borderlinetrekk, og han meiner ? finne ?rsakene i oppveksten. Overlegen trur desse trekka er viktige for ? forst? personen Vincent van Gogh.
Men van Gogh har f?tt nok tvilsame diagnosar p? seg allereie. Han er dessutan eit d?me p? kor lite ein slik diagnose eigentleg seier om eit menneske. Han var mykje meir enn ein diagnose kan romme, seier Mehlum.
Verdiforvirring
Mehlum er ottefull for dei aukande sj?lvmordstala og dei nye gruppene menneske som figurerer p? listene.
Det er ikkje lenger berre hj? typiske risikogrupper som schizofrene og rusmisbrukarar det skjer sj?lvmord i dag. Vi m?ter problemet i alle milj?. ?rsaka trur eg er at sj?lv ressurssterke menneske finn det vanskeleg ? skulle leve i v?rt normlause samfunn. I det postmoderne samfunnet er alt omskifteleg, og ingenting dominerer over lang tid. Det er ei stilforvirring og ei verdiforvirring som mange ikkje taklar.
Mehlum trur ikkje at vi kan sj? p? van Gogh sine bilete som rop om hjelp fr? ein sj?lvmordskandidat.
Eit slikt rop ville ha gitt heilt andre bilete, bilete med meir liding.
Kr?kene kjem
I eit av dei aller siste bileta van Gogh m?la, ?Kr?ker over hvete?keren?, er sj?lvmordsmotivet s?rskilt klart. Dei svarte kr?kene p? biletet er eit framandelement b?de i biletet og i van Gogh sin kunst generelt.
Ei mogeleg tolking er at han kjenner seg angripen av d?dskreftene i livet, symbolisert ved kr?kene. Det er dessutan eit omvendt perspektiv i biletet. Linjene i biletet konvergerer mot forgrunnen. Enkelte hevdar at dette har si ?rsak i at han mister grepet p? mediet sitt. Men det kan ogs? tenkjast at han opplevde seg angripen av sitt eige medium, seier Mehlum. Han er samd med dei som seier at dette biletet er jamgodt med dei avskjedsbreva mange etterlet seg n?r dei tek sitt eige liv.
I dag trur eg han kunne ha f?tt hjelp med problema sine. Men han levde dessverre i ei tid d? psykiatrien berre var i startgropa. Dette var f?r Freud og f?r dei nye psykologiske, sosiale og biologiske behandlingsm?tane vi r?r over i dag. Men van Gogh hadde ei utruleg evne til ? f? fram det heilt einest?ande vakre og intense, trass i sin vanskelege situasjon, seier Mehlum.