English version of this page

Kort m?te med Christopher Rettedal Fardan

Christopher Rettedal Fardan blir motivert av inspirerande kollegaar ved C-REX og er i ferd med ? gje ut ei bok om den prisvinnande doktorgradsavhandlinga si.

Cristopher Rettedal Fardan

Sandnes-guten Cristopher Rettedal Fardan
lauper inn til pers p? halvmaraton med tida
1:14:18. Foto: Espen A. Eik.

– Kva opptek deg akkurat no?

– Eg er i innspurten av eit prosjekt kor doktorgradsavhandlinga mi skal publiserast som bok i serien Routledge Studies in Fascism and the Far Right. Samstundes jobbar eg med to kapittel om h?greekstremisme og demokratisk motstandskraft til ei redigert fagbok som skal gjevast ut av Senter for ekstremismeforsking (C-REX). Innimellom gjer eg òg ulike formidlingsoppdrag. Dei siste m?nadene har eg mellom anna presentert forskinga mi til Voksenoppl?ringsforbundet, St?ttegruppa etter 10. august og politiet. Dette opplever eg som veldig meiningsfulle arbeidsoppg?ver!

– Viss du skal forklara ein person p? ?tte ?r kva du driv med p? jobb i tre korte setningar, kva vil du seia?

– Jobben min handlar om ? forst? kva som gjer at nokon menneske hatar andre menneske p? grunn av korleis dei ser ut, kva dei trur p? eller kven dei vil vera kj?rastar med. Det kan skuldast at ein vert lurt til ? tru at nokon menneske er betre enn andre. Eg vonar at jo meir me skj?nar av dette, desto flinkare vert me til ? vera venar og respektera kvarandre.

Kva motiverer deg i jobben?

– Det gjev stor motivasjon ? jobba med dyktige kollegaar ved C-REX som b?de utfordrar, inspirerer og st?ttar! Eg forskar p? det som diverre verkar ? vera eit evigaktuelt tema: h?greekstremisme. Eg motiverast av at kunnskapsproduksjonen kan nyttast til ? f?rebyggja at folk sluttar seg til idear som avviser demokratiet og menneskerettane. Eg er s?rleg oppteken av ? formidla korleis rasisme og avhumanisering har destruktive fylgjer for fridomen og liva til minoritetane som vert ramma. I tillegg til ? inspirera til politisk motivert vald og terrorisme, skaper s?nne haldningar frykt og hindrar demokratisk deltaking og engasjement.

– Om du skulle blitt noko heilt anna, kva kunne det vore?

– Alle universitetsgradene mine (p? bachelor-, master- og doktorniv?) er i sosiologi, s? livet er openbert fint som sosiolog. I alle dei st?rre prosjekta eg har gjennomf?rt har eg brukt etnografisk metode, s? m?tte eg valt ein annan fagdisiplin ville det nok vorte antropologi. Eg kan likevel ikkje garantera eit heilt liv i akademia, og eg er open for ? bruka kompetansen min i andre sektorar. Til d?mes vil ein fast og trygg r?dgjevarstilling i staten appellera til meg!

– Kva gjer du n?r du koplar heilt av?

– Eg lauper (s?nn som mange andre sandnesgaukar)! I snart tjue ?r har eg vore aktivt medlem i ulike friidrettslag, b?de som ut?var og friviljug. Dei inkluderande verdiane i idretten betyr mykje for meg, spesielt lauping med uthald, rutine og samhold. Eg tykkjer Murakami seier det godt i boka What I Talk About When I Talk About Running: ?I just run. I run in a void. Or maybe I should put it the other way: I run in order to acquire a void.?

Publisert 28. apr. 2025 12:16 - Sist endret 29. apr. 2025 09:49